A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

REFERAT

4. Elevrådsmøte 6.februar 2013

Sak: Planlegging av skulen sitt KARNEVAL.

Mål: Alle skal tykkje det er kjekt på karneval.

Dagens omgrep: Kompromiss

 Til stades: Heile elevrådet, og kontaktlærar for elevrådet (Mette)

Tid: Onsdag 6.februar 2013 kl 12-13

Stad: Arbeidsrommet til lærarane

Skrivar: Mette

--

På dette møtet hadde me berre ein sak: Planlegging av skulen sitt karneval.

Mål: Alle skal tykkje det er kjekt på karneval.

Dagens omgrep: Kompromiss

Dette vart bestemt:

KARNEVAL ONSDAG 6.MARS 

  • Kl 17.30-19.45
  • Mat: Pølse m/brød, pizza (laga av 5.-7.trinn i mat og helse same dagen)
  • Det er lov å ha med ½ liter brus, skulen ordnar saft.
  • Alle kler seg ut.

Hjelp frå vaksne:

  • Kristi, Sølvi og Gunnar spør Astrid om å få lage pizza
  • Vebjørn spør Marie om ho kan hjelpe til med å førebu pølsene (som tidlegare)

Program:

  1. Kl. 17.30-17.45 Alle går litt rundt og ser på kvarandre sine kostymar, går til 1.-3.klasserommet.
  2. Kl. 17.45: På 1.-3.kl-rommet: QUIZ felles (5.-7.klasse sine elevrådsrepresentantar lagar spørsmåla, deler grupper osb.)
  3. ca kl 18.15: Mat og kviskreleiken + alle syner seg fram og blir teke bilete av (som tidlegare år).
  4. Seigmannleiken + puteleiken på 2.klasserommet
  5. Tre val: Lenkesisten på 1.-3.kl-rommet / Mimeleiken 4.-5.kl-rommet / Diskotek 6.-7.klasserommet
  6. RYDDE (Obs: Koret skal vere på kjøkenet frå kl 20)

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS