10. kl

Landsfinalen i "Sikker på sykkel"
Frode og Anna Maria deltok i landafinalen i "Sikker på sykkel" forrige helg. Dei måtte gjennom 4 delfinalar før vinnar vart kåra. Dei gjorde ein god jobb. Av 22 000 som har vore med i landet, konkurrerte over 20 finalistar (gute- og jente-klasse). Frode fekk ein flott 11.plass og Anna Maria tok nesten med seg ein sykkel heim i premie, enda på 4.plass. Flott innsats av begge :)

Kanonballturnering -aldersblanda
Tysdag veke 21 hadde me kanonballturnering på aldersblanda. Engasjerte elevar og lærarar hadde ei morosam økt ute. Etter at alle elevane hadde spelt mot kvarandre var det vinnarlaget mot lærararne. Og gjett kven som gjekk av med sigeren? Det var sjølvsagt elevane :)

Matematikkensdag - aldersblanda
Tysdag i veke 10 hadde me på mellomsteget matematikkensdag. Elevane hadde ei annleis økt med matte kor dei var innom fire stasjonar med mellom anna strikkhopping for Barbiedukker, bingo, 50-leiken og programmering.

Avisprosjekt 6.klasse
6.klasse er i gang med å lage si eiga avis. I den anledning laga Ingrid Johanne, Anna Maria, Ingeborg og Iselin intervju til Sogndal-spelarane Ulrik Fredriksen og Sigurd Haugen. Dei reiste til Fosshaugane for eit møte i sist veke. Kva som blei sagt kjem fram i neste utgåve av skuleavisa. Takk for gjestfriheiten Sogndal Fotball!

Glede andre - aldersblanda
Tysdag ettermiddagar denne hausten og vinteren har grupper frå 5.-7.klasse på Hafslo barne- og ungdomsskule vore på “gleding” av andre. Dette har me lagt til dei aldersblanda gruppene me har kvar tysdag gjennom heile skuleåret.
Aldersblanda vår 2019
Det er no, veke 5, klart for rullering på aldersblanda. Me har tenkt litt annleis for den komande perioden, noko som blir spennende. Her finn de ei oversikt over kven som skal kor, og når.

Koding i aldersblanda
I dag har me drevet med koding i aldersblanda data. Elevane fekk prøve seg på å lage eigne spel som dei spelte etterpå. Ei økt med engasjerte elevar.

Aldersblanda data
No har me kome godt i gang med aldersblanda på mellomsteget. Nokon er ute, andre gleder andre, nokon forskar litt og nokon er på data. Datagruppa har no laga seg flotte power pointar som dei synte fram til dei andre på gruppa si no på tysdag. Ein kjekk aktivitet kor dei fekk leike seg med ulike effektar, animasjonar osb.

Skileik på Heggmyrane
Torsdag arrangerte studentar ved idrettsfag ved Høgskulen skileik på Heggmyrane for 4.-6.klasse. Vi hadde ein flott dag med masse aktivitet og moro.