A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Jostedal barnehage

Frå 1.august 2012 er Jostedal barnehage, Jostedal skule og sfo samla i Jostedal Oppvekstsenter. Me held til i dei same lokala som tidlegare, men har felles leiing og samarbeider tett.
Frå hausten 2012 er det 20 ungar i barnehagen, og utvida avdeling tre dagar i veka (måndag, tysdag og torsdag). Barnehagen ligg i den nordlige delen av Samfunnshuset i Jostedalen, rett attmed skulen og idrettsbanen. I Samfunnshuset er det gymsal, symjebasseng og eit flott kjøken som barnehagen pussa opp for to år sidan. Barnehagen har eit fantastisk uteområde med lavvo, små leikehus, klatrevegg og ulendt terreng i tillegg til "vanlege" leikeapparat som sandkasse, klatrestativ, husker og asfaltert plass til sykling o.l..

Det er to førskulelærarar og fire assistentar som jobbar i barnehagen, i tillegg til at skuleassistenten som har sfo og leksehjelp òg har vakter i barnehagen. Totalt er det 7 tilsette i barnehage og sfo fordelt på omlag 4,5 fulle stillingar. I tillegg deler me reinhaldar og vaktmeistar med Samfunnshuset.
Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS