Barnehagen
Månadsplan for 17. - 28. okt
Me avsluttar temaet om grønsaker med å bake potekaker ilag med Helselaget. Me vil denne perioden ha fokus på Forut og barna i Nepal. Trykk på "Les meir" for å å sjå planen.
Vekeplan for 17. okt – 28. okt 2016
Måndag 17.
2-3 år: Forut-film om vennene våre i nepal
4-år: Arvid syng og teiknar frå Øisteins blyant
|
Tysdag 18
Kl 09.45 Potekakedag med Jostedal Helselag. Me bakar og smakar |
Onsdag 19
Tema: Forut
Samling for alle. Me snakkar om det me har sett på filmen. Korleis har barna det i Nepal, og kva gjer dei på?
Måleaktivitet for alle
|
Torsdag 20
Tema: Forut
Me jobbar med tala frå 1-10 på ulike språk; Norsk, engelsk, swahili og nepalesisk. |
Fredag 21
Tema: Forut
Me jobbar vidare med tala
Øve songar til Forutfestivalen
|
Måndag 24
Tema: Forut
Samling i grupper: Kva er likt/ulikt Jostedal-Nepal? |
Tysdag 25
5. kl les for oss 3-4 åringane
2 åringane har eiga lesestund/songstund med ein vaksen i barnehagen
|
Onsdag 26
Me førebur Forutfestivalen
Alle barna som har lyst, er med på å synge frå scena. |
Torsdag 27
LEIKEDAG
Varm mat |
Fredag 28
Kl 09.45 Folkemusikkøkt m/ Ida Kristine, Else-Marie og Anne Kristin 1-3 kl blir med oss.
|
Forut: Me vil lære om kulturforskjellar, og telje frå 1 til 10 på ulike språk. Her vil me ta med både engelsk og swahili, som er morsmålet til barn i barnehagen.
Forutfestival er felles for heile oppvekstsenteret, eigen info kjem på heimesida
Foreldresamtalar: Alle er kalla inn til individuelle samtalar i løpet av oktober.