A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Skulemiljøutvalet (SMU)

Øystein Sagabråten, Ronny Aasen, Ingar Nordberg, Gunnar Hess Elgersma, Sølvi Kvam, Ruth Helgestad, Jorunn Anita Åsen, Oddmund Hoel, Mette F. Reinertsen

Her finn du meir om:

  • Kven som er medlemmer i SMU dette skuleåret
  • Kva opplæringslova seier om brukarmedverknad og Skulemiljøutval (SMU)
  • Møteinnkallingar og referat

Opplæringslova har eit eige kapittel (kapittel 11) om brukarmedverknad i skulen. Under finn du utdrag frå opplæringslova når det SMU:
Om du vil lese heile kapittel 11 i opplæringslova klikkar du på denne lenkja (Lovdata)


Skulemiljøutval (SMU):

  • Ved kvar grunnskule skal det vere eit skulemiljøutval. I skulemiljøutvalet skal elevane, foreldrerådet, dei tilsette, skuleleiinga og kommunen vere representerte. Skulemiljøutvalet skal vere sett saman slik at representantane for elevane og foreldra til saman er i fleirtal.
  • Samarbeidsutvalet kan sjølv vere skulemiljøutval. Når samarbeidsutvalet fungerer som skulemiljøutval, må det oppnemnast tilleggsrepresentantar for elevane og foreldra, slik at dei samla får fleirtal.
  • Elevrepresentantane skal ikkje vere til stades når saker som er omfatta av lovfesta teieplikt blir behandla i skulemiljøutvalet. Når elevane ikkje er til stades, skal foreldrerepresentantane ha dobbeltstemme tilsvarande bortfallet av elevrepresentantane sine stemmer, eller talet på foreldrerepresentantar aukast tilsvarande.
  • Skulemiljøutvalet skal medverke til at skolen, dei tilsette, elevane og foreldra tek aktivt del i arbeidet for å skape eit godt skulemiljø. Skulemiljøutvalet har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skulemiljøet, jf. kapittel 9a.


Skulemiljøutvalet (SMU) 2012/2013:
- kun skulen, ikkje barnehagen, her skal foreldre+elevar har fleirtal (hos oss 5 av 9 representantar):

3 Foreldrerepresentantar frå skulen (frå FAU): Øystein Sagabråten, Ronny Aasen og Ingar Nordberg (vara: Oddmund Hoel)
2 Elevrepresentantar (elevrådsleiar og skrivar i elevrådet): Gunnar Hess Elgersma og Sølvi Kvam
1 Representant for pedagogisk personale på skulen: Ruth Helgestad
1 Representant for anna personale på skulen: Jorunn Anita Åsen
1 Representant for kommunen, politisk vald: Oddmund Hoel
1 Representant for kommunen, leiar: Mette F. Reinertsen

 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS