Stenging av vatnet torsdag 8.september
Vatnet på samfunnshuset, i barnehagen og på skulen har for høgt bakterienivå slik at vatnet må kokast før det kan drikkast. Kommunen er i ferd med å lage nytt vassinntak, og skal reingjere drikkevatnbassenget for at vatnet skal bli reint nok att. For å gjere dette, må dei stenge vatnet ein dag, og det vert no på torsdag, 8.september (ca 8-15, kanskje ferdig tidlegare). Denne dagen er skuleelevane i Gaupne på aktivitetsdag, men barnehagen har vanleg drift. Me har vore i kontakt med kommunelege Schønberg, og fått retningslinjer for korleis me skal gjennomføre dagen i barnehagen på forsvarleg måte. Det viktige for foreldra, er at borna må med seg niste denne dagen. Ta kontakt om de har spørsmål!