A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Samarbeid med heimen

flagg

Skulen:

Arbeidsliste frå FAU for 17.mai

Program 17.mai i Jostedalen:

Kl 10: Gudsteneste i Jostedal kyrkje
Kl 11: Tog frå kyrkja til Samfunnshuset - korpset speler
Kl 12.30: Program frå scena i Jostedal samfunnshus
Underhaldning v/skulen og barnehagen, koret, korpset, Rupeungane m.fl. Det vert sal av pølser, is og brus, lapskaus,rømmegraut, kaffi og kaker..
​Arrangementet i Samfunnshuset er eit samarbeid mellom Jostedal oppvekstsenter og lag og organisasjonar i bygda - koordinert av Jostedal bygdelag.
2015-05-13
HoppforNepal

Innsamlingsaksjon ved skulen, ope for ALLE:

Hopp for hjartet - og Nepal!

I samband med skulen sitt arbeid med demokrati, internasjonalt ansvar og solidaritet, har me brukt å ha ein innsamlingsaksjon knytt til fysisk aktivitet for borna, og denne gongen har me i samråd med FAU laga ein aksjon til inntekt for born som er råka av jordskjelvet i Nepal. Ungane i skulen og barnehagen har eit særskilt forhold til Nepal frå Forut-aksjonen i haust, og det vil difor vere noko alle kan relatere til. På skulen har me òg pedagogiske opplegg knytt til jordskjelvkatastrofa denne veka. Her er nettsida til aksjonen vår hos Redd Barna der ein kan betale inn: http://L2W.no/rero.

2015-05-21
IMAG3727

Elevane fekk skryt av skodespelarane både på radioen og i avisa

Vellukka teatertur på "Peer, du lyver!" med Riksteatret

Det vart ein vellukka teatertur fredag for elevar og foreldre i fau-regi. Bra Jostedalsframside på Sogn Avis i dag!

2015-04-27

Barnehagen:

Månadsplan april 2015

Månadsplan april 2015 finn du her PDF document ODT document

2015-04-13

Oppkast og forkjøling

Det er fleire ungar som har vore sjuke i påsken, og som framleis ikkje er heilt bra. Det er ofte vanskeleg å bedømme om barnet er frisk nok til å gå i barnehagen eller må vere heime. Generell regel er at ein må vurdere almenntilstanden til barnet, men når det gjeld oppkast/diare seier smittevernlegen at barnehagebarn bør holdast heime i 48 timar etter at dei er symptomfrie. Er du usikker på om barnet er frisk nok til å gå i barnehagen, kan det vere lurt å holde barnet heime ein ekstra dag. Det er travelt for sjuke ungar å vere i barnehagen. Sjølv om dei tilsette gjer så godt dei kan for å trøyste og gje omsorg til barn som treng det, greier me ikkje å erstatte den omsorgen som berre de foreldre kan gje dikkas barn.

 

 

2015-04-07

Dei to siste vekene i april:

Foreldresamtalar i skule og barnehage

Dei to siste vekene i april vert det utviklingssamtalar (elev, foreldre og kontaktlærar) for alle trinn på skulen, og barnehagen tek òg sikte på å ha sine foreldresamtalar i denne perioden. Det vert sendt heim samtaleskjema til førebuing i forkant, skuleelevane får òg med individuelle utviklingsplanar ("IUP") som fortel noko om mål og emne det siste halvåret og kva som er viktig å jobbe vidare med.

2015-03-24

Førebyggande arbeid startar tidleg!

Arbeid med psykisk helse og kartlegging av angst blant born og unge

Fredag denne veka kjem representantar frå eit forskingsprosjekt (Uni Research Helse, RKBU Vest, sjå utfyllande info under) på skulen for å gjennomføre ei undersøking av angstproblematikk i 3.-7.klasse ("Engstelse hos barn og unge"). Alle foreldre til 3.-7.klassingar skal ha fått invitasjon direkte frå forskargruppa, og dei elevane som skal delta må ha med samtykkeskjema på skulen seinast fredag (men helst før, så me ser kor mange som skal ta undersøkinga). Gje beskjed om nokon treng ny kopi av samtykkeskjemaet!

2016-03-02

Barnehagen:

Månadsplan mars 2015

Månadsplan for mars 2015 finn du her PDF document ODT document

2015-08-30
Vekeplan

Skulen:

Endring av oppsett på vekeplanane

No ser vekeplanane for 1.-4.trinn annleis ut enn dei har gjort før, og frå neste veke vil 5.-7.trinn sine òg bli endra. Formatet er endra frå «ståande» til «liggande», og innhaldet er organisert på ein litt annan måte. Me vil difor be dykk studere planen litt ekstra grundig denne veka, og gjerne spørje oss om det er uklart!

2015-02-23

5.-7.tr sluttar kl 13, barnehage, leksehjelp og sfo går som vanleg

Politisk streik onsdag 28.jan kl 14-16

Her er lenkje til felles info frå Luster kommune i høve konsekvensane av den politisk streiken førstkommande onsdag. Ved Jostedal oppvekstsenter er det elevane på 5.-7.trinn dette får praktiske konsekvensar for. Dei avspaserer dei to siste timane, tek bussen heim kl 13 i staden for kl 15. Barnehage og sfo går som vanleg.
2015-01-23
Powered by CustomPublish AS