Eldredagen 1. oktoberVi minner om at 12. september er siste frist for å melde seg på EldredagenOddgeir Bruaset Aida Studio Oddgeir Bruaset kjem til eldredagen på FjordstovaEldrerådet i samarbeid med Folkeakademiet Luster arrangerer eldredagen onsdag 1. oktober frå kl 14.00 på Fjordstova i Skjolden.Oddgeir Bruaset viser bilete og fortel med utgangspunkt i siste boka si Gjensyn. Du får sjå og høyre korleis det har gått med dei som budde «der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Du får også høyre om status i helse- og omsorgsprosjektet og får god servering.Informasjonen blir i salen nede i Fjordstova og serveringa blir i kafeen oppe. Du vel om du vil bruke inngangen nede eller hovudinngangen ved kafeen.PåmeldingDu som er 60 år og eldre og bur i kommunen, kan melde deg på. Me tek imot påmelding i perioden frå 1. september til 12. september kl. 12.00, inntil 150 personar. Meld deg på til Luster kommune, tlf. 57 68 55 00 eller post@luster.kommune.no
Kommunestyremøte og dialogmøte Torsdag 28. august er det dialogmøte kl 09.00–14.00 og kommunestyremøte kl. 14.00–15.00 på rådhuset i Gaupne.
Bispevisitas i Luster Denne veka er det bispevisitas i Luster kommune. Biskop Ragnhild Jepsen visiterer dei sju kyrkjesokna i Luster.
Bli med på trening Sterk og Stødig er styrke- og balansetrening i grupper Gruppene vert leia av frivillige instruktørar som har gjennomgått kursMålgruppa er heimebuande ...
Fleire ungdomslosar i Luster Frå i haust har Luster kommune eit team med tre ungdomslosar. Dei jobbar til saman i 110% stilling.
Formannskapsmøtet i opptak Onsdag 20. august heldt formannskapet møte på Rådhuset og du kan sjå opptak av sendinga på kommune-TV.
Badevasskvalitet Sjølv om det er litt mindre sol no enn tidlegare i sommar er badevasskvalitet ved dei kommunale badeplassane ved Lustrafjorden godkjent.
Kurs før hjortejakta I regi av Norsk Hjortesenter vert det arranger kurs før hjortejakta for jegerar og grunneigarar.
Suppleringsopptak barnehage Søknadsfristen for suppleringsopptak og for å søkje om endring av eksisterande barnehageplass frå 1. januar 2026 er 1. september 2025.
Bli med i Ungdommen sitt kommunestyre (UK) i Luster Vil du vere med og gje råd til kommunen om korleis Luster bør utviklast til det beste for ungdomen i kommunen?
Ny barnehagepris frå 1. august 2025 Frå 1. august 2025 er maksprisen for ein barnehageplass redusert til kr 700 pr månad for heil plass. Prisen for deltidsplass vil bli redusert tilsvara...