Eldredagen 1. oktober

Vi minner om at 12. september er siste frist for å melde seg på Eldredagen

Oddgeir Bruaset  - Klikk for stort bileteOddgeir Bruaset Aida Studio

Oddgeir Bruaset kjem til eldredagen på Fjordstova

Eldrerådet i samarbeid med Folkeakademiet Luster arrangerer eldredagen onsdag 1. oktober frå kl 14.00 på Fjordstova i Skjolden.

Oddgeir Bruaset viser bilete og fortel med utgangspunkt i siste boka si Gjensyn. Du får sjå og høyre korleis det har gått med dei som budde «der ingen skulle tru at nokon kunne bu». 

Du får også høyre om status i helse- og omsorgsprosjektet og får god servering.

Informasjonen blir i salen nede i Fjordstova og serveringa blir i kafeen oppe. Du vel om du vil bruke inngangen nede eller hovudinngangen ved kafeen.

Påmelding

Du som er 60 år og eldre og bur i kommunen, kan melde deg på. 
Me tek imot påmelding i perioden frå 1. september til 12. september kl. 12.00,  inntil 150 personar. 
Meld deg på til Luster kommune, tlf. 57 68 55 00 eller post@luster.kommune.no

Artikkelliste

Viser 21-30 av 97 artikler, side 3 av 10