Eldredagen 1. oktoberVi minner om at 12. september er siste frist for å melde seg på EldredagenOddgeir Bruaset Aida Studio Oddgeir Bruaset kjem til eldredagen på FjordstovaEldrerådet i samarbeid med Folkeakademiet Luster arrangerer eldredagen onsdag 1. oktober frå kl 14.00 på Fjordstova i Skjolden.Oddgeir Bruaset viser bilete og fortel med utgangspunkt i siste boka si Gjensyn. Du får sjå og høyre korleis det har gått med dei som budde «der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Du får også høyre om status i helse- og omsorgsprosjektet og får god servering.Informasjonen blir i salen nede i Fjordstova og serveringa blir i kafeen oppe. Du vel om du vil bruke inngangen nede eller hovudinngangen ved kafeen.PåmeldingDu som er 60 år og eldre og bur i kommunen, kan melde deg på. Me tek imot påmelding i perioden frå 1. september til 12. september kl. 12.00, inntil 150 personar. Meld deg på til Luster kommune, tlf. 57 68 55 00 eller post@luster.kommune.no
Hjorteviltløyver 2025 og rapporteringskontrol Elg-. hjort- og rådyrløyver for 2025 er sendt ut til valdleiarar. Dersom valdleiar ikkje har motteke e-post med tildelte løyver frå hjorteviltregister...
Markering av utvandringsjubileet I år markerer me eit viktig jubileum: Det er 200 år sidan starten på den store utvandringa frå Noreg til Amerika. Frå midten av 1800-talet og utover r...
Parkering på Tungestølen Tre nye parkeringsplassar er no klare på Tungestølen – for bubil, langtids- og korttidsparkering.
Møte om tolegrenseanalyse Luster kommune har inngått avtale med Vestlandsforsking om at dei skal gjennomføre ein lokal tolegrenseanalyse, og kommunen inviterer no bygdelaga i k...
Opptak frå tema- og kommunstyremøte No kan du sjå opptaket frå temamøtet om Sognefjorden og kommunestyremøte. Opptaket av møtet er tilgjengeleg her
Badetid! Fristar det med ein dukkert i Sognefjorden? Målingar viser i alle fall god badevasskvalitet!
Ny innsatstrapp skal sikre berekraftige helse- og omsorgstenester i framtida Kor mykje hjelp treng du – og kvar får du ho? Innsatstrappa skal vise vegen i framtidas omsorgstilbod.
Årets lustring 2025 I år går prisen til to Ove som kvar på sin måte har gjort og gjer ein umåteleg stor innsats for folkehelsa, idretten og tryggleiken i Luster.