A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

9. kl

Tollskogen

Trollskogen

Me testa smaksløkane våre i trollskogen. 

2016-09-29
14470876_10154384697391648_93468517_n

Me jobba med blad på ulike måtar

Kunst og handverk

2016-09-27
2016-09-22 11

Kulturøkt

Torsdag 22. september hadde me kulturøkt. 1. klassen og dei eldste barna i barnehagen var publikum. Me song, spelte skodespel, viste ting me har laga og framførte ulike tekster.

2016-09-23
2016-09-13 12

Regnbogen

I kunst og handverk denne veka hadde me fargar som tema. Elin las om grunnfarger og korleis graset ville bli grønt. Me fekk sjå at om ein blandar dei ulike grunnfargane så får me nye fargar. Tilslutt fekk alle male sine eigne bilde.

2016-09-16

Palsbelønning

Denne gongen trakk me leik på SFO som PALS-belønning.

2016-09-09
2016-08-31 10

Insektsfeller

Onsdag 31. august var me i trollskogen og grov ned feller. Dei var meint til ulike typar insekt som kryp på bakken. Me hadde fleire ulike teoriar om kva som kunne lokke dyra ned i fellene våre. Nokre la små matrester oppi, andre fylte boksen sin med jord for at det skulle sjå mest mogleg naturleg ut.

Onsdag 7. september var det igjen turdag. Alle var spente på om me fann nokre insekt. Dessverre var dei fleste fellene tomme. Me fann ein liten makk i den eine. Teoriane var mange på kvifor det ikkje var dyr der. Nokon hadde sett at boksene var greven opp i løp av helga. Kanskje sto dei for lenge så dyra kraup utav. For maten var vekke så dyr hadde heilt sikkert vore  der. 

2016-09-09
2016-08-24 11

Tur til trollskogen

Første ute-skuledag er vel gjennomført. 1. og 2. klasse har vert ein tur i Trollskogen. For 1. klasse handla turen mest om å gjere seg kjend med nye regler, usynlege strekar og turrekkjer. For 2. klasse er mykje av dette kjent etter eit år på tur, dei fann raskt tilbake til leiken. 

Her vart det leika forskjellege typar butikk, både restaurant, godteributikk og ein utstyrsbutikk med ulike typar ved. Nokre bygga hytte og testa ut kva vekt pinnane kunne ha før byggverket datt ned. Her er rolleleiken alltid tilstede, det var jenter som bygde bål dei ”grilla” på. Små pinnar blei til dyr og minecraft figurer. Alt i alt ein flott tur med mykje læring. 

 

2016-08-25
20160616_115347

Tur til Solvorn for 1.-4.klasse

1.-4.klasse var torsdag på tur til Solvorn. Me gjekk ned gamlevegen frå Galden. 1.- og 2.klasse stoppa på skulen i Solvorn og leika der ei stund, medan 3.-4.klasse gjekk vidare til Måsaviki. Me reiste ned i strondi rundt lunsjtider og grilla og kosa oss der. Ein kjekk dag ilag med flinke elevar.

2016-06-17
20160617_091319

Siste skuledag

1.-4.klasse har kosa seg med fellesaktivitetar frå 9-10 siste skuledag. Me har kasta hestesko, spelt vikingspelet, leika songleikar, hatt poteløp og leika raudt lys. Ein kjempekjekk dag, der elevane fekk velje sjølve kva dei ville gjere.

2016-06-17
Powered by CustomPublish AS