A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Rådgjevar

Skjermbilde visma

Last ned appen Visma Min Skole

Visma har laga ein app for meldingar mellom skule og heim. Her kan ein sende meldingar til kontaktlærar og melde inn fråver.  For meir informasjon og lenkje til nedlasting:

https://www.visma.no/skoleadministrasjon/grunnskole/min-skole-foresatt/

 

 

 

2019-08-28

Open dag på Sogndal vgs

10. klasse med føresette skal møta på open dag ved Sogndal vidaregåande skule torsdag 24. januar 2019.

Klikk her for meir informasjon

 

2019-01-15
vgs

Sogndal vgs inviterer til open dag torsdag 25. januar frå kl 17 - 20

Open dag ved Sogndal vidaregåande skule for elevar og foreldre

Denne ettermiddagen har Luster kommune lagt inn som obligatorisk for våre elevar.  Den går inn som ein del av undervisninga i faget utdanningsval.

 

2018-01-05

Visma flyt skole

Mange har no logga inn og nyttar Visma. Hugs:

  • Sjå etter at du som føresett står oppført med mobilnummer og kryssa av "SMS skole - hjem"
  • Trykk generelt samtykke
  • Trykk samtykke på kvar av ungane dine
  • Lagre nummeret til kontaktlæraren til din unge og bruk dette i staden for privatnummeret 
2017-03-28

MinID

I disse dager har du sikkert fått eit brev frå MinID.  Dette brevet må du ta godt vare på, der finn du kodane du treng for å søke på vidaregåande utdanning. Vi kjem til å sette av tid på skulen til å gjennomgå søknaden din. Om du vil kan du allereie no gå inn og registrere deg på MinID - kanskje du allereie har gjort det? 

Bilderesultat for MinID

2016-12-20
Open dag SVGS

Open dag for 10. klasseelevar og føresette vert 26. januar 2017

Open dag på Sogndal vidaregåande skule.

Open dag for 10. klasseelevar og føresette vert torsdag 26. januar 2017 kl 17.00 - 20-00

Det vert informasjon om skuletilbodet skuleåret 2017/2018 i Trollsalen (auditoriet rett innanfor hovudinngangen). Det vert høve til å møte elevar og lærarar på dei ulike utdanningsprogramma.  Ein får også omvising på verkstadane, og i nybygget der resaturant & matfag, og sturdiespesialisering har fått nye lokale. 

Ved Hafslo barne- og ungdomsskule har vi gjort dette opplegget til ein obligatorisk del av faget utdanningsval.  Elevane får avspasere timane ved eit anna høve.  Dette er også eit fint høve for foreldra å gjere seg kjende med Sogndal vidaregåande skule.  Det er ikkje sikkert alle foreldra har høve til å møte denne ettermiddaen, då er det fint om de kan avtale køyring med andre foreldre.  Dersom dette ikkje går, ta kontakt med kontaktlæraren.

2016-12-20

Det vert jobbskygging i 10. klasse 1., 2. og 3 februar 2017.

Informasjon om jobbskygging i 10. klasse 2017

Siste jobbskygging for 10. klasse blir i begynnelsen av februar. 

 

2016-12-20

Informasjon vedr vidaregåande skule

Vedlagt ligg viktig informasjon vedr vidaregåande skule.

Informasjon om utdanningsprogram i vidaregåande skule.pdf

Me oppmodar og om at de nyttar fylgjande nettsider for informasjon:

www.vilbli.no  og www.utdanning.no

2015-09-02

http://utdanning.no/

Utdanning i Noreg

Her finn du mykje nyttig informasjon om vidaregåande skule, høgare utdanning og mange ulike yrke

http://utdanning.no/

 

2016-12-20
Powered by CustomPublish AS