A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Veitastrond

Skule og SFO er stengt til 13. april - kan bli forlenga

Viser til tidlegare informasjon om stenging av skule og SFO i samband med utbrotet av koronavirus. 

UDIR

Det er viktig med god kommunikasjon mellom skule og heim. No er e-post, Teams, Facebook og heimesida nytta som informasjonkanalar. I tillegg kan ein nå tilsette på telefon. Følg med på informasjon frå kvart klasseteam. 

2020-03-26

Betaling SFO

Regjeringa har meldt at føresette som ikkje får nytta barnehage og SFO då barnehagane og SFO er stengde grunna koronaviruset, vil verta fritekne for betaling. Foreldringebetalinga for april går som vanleg. Det som er betalt for mykje, vil verta avrekna og refundert. 

2020-03-23

Skule og SFO stengt frå fredag 13. mars

Bøker eller utstyr frå garderobane kan hentast på skulen mellom kl 09 og 14 fredag og måndag (ta kontakt med kontaktlærar dersom det er behov seinare i veka). For 7. -10. kl kan dei også låne med seg skule-PCen heim. Det ligg liste i klasserommet der ein kryssar av at ein har tatt med seg PCen. Reglar for skulen sitt utstyr gjeld! 

"Helsedirektoratet har i dag etter smittevernloven § 4-1 andre ledd vedtatt stenging av barnehager, barneskoler, ungdomsskoler, videregående skoler, universitet, høyskoler og andre utdanningsinstitusjoner." 

Ledere av barnehager og rektorer ved barneskoler må derfor sørge for et tilbud til barn av personell i helse- og omsorgstjenesten, transportsektoren eller innen andre kritiske samfunnsfunksjoner. Det samme gjelder for barn med særlige omsorgsbehov som ikke kan ivaretas når barnehage, skole eller andre dagtilbud er stengt.

# Dette er kritiske samfunnsfunksjoner:

Beredskapsutvalget anser at følgende 15 funksjoner er kritiske for samfunnet:

  • Styring og kriseledelse
  • Forsvar
  • Lov og orden
  • Helse og omsorg
  • Redningstjeneste
  • IKT-sikkerhet i sivil sektor
  • Natur og miljø
  • Forsyningssikkerhet
  • Vann og avløp
  • Finansielle tjenester
  • Kraftforsyning
  • Elektroniske kommunikasjonstjenester
  • Transport
  • Satellittbaserte tjenester
  • Apotekene

Meir informasjon om undervisningsopplegg, bøker og utstyr osv kjem etter kvart. 

udir.no 

 

 

2020-03-15
IMG_5336

Julefest 2019

Sundag 8. des. var det tradisjonell juletrefest i samfunnsbygget på Veitastrond. Nær 100 møtte til flott pynta sal og det var ei koseleg samling med flott program og god servering. Ungane i barnehagen og skulen sang og dramatiserte, og med innleigd musikar var det flott allsong av tradisjonelle julesongar. Gang rundt juletre og besøk av nissen høyrer òg med på ein julefest.

2019-12-11
Skjermbilde visma

Last ned appen Visma Min Skole

Visma har laga ein app for meldingar mellom skule og heim. Her kan ein sende meldingar til kontaktlærar og melde inn fråver.  For meir informasjon og lenkje til nedlasting:

https://www.visma.no/skoleadministrasjon/grunnskole/min-skole-foresatt/

 

 

 

2019-08-28
20170904_122954

Tur til Snauedalen

Elevane hadde ein flott hausttur til Snauedalen.

2017-09-05

Informasjonsmøte i krinsane om skulebruksplanen.

Torsdag 11. mai kl. 17.30 er det open informasjonsmøte for føresette og innbyggjarar på Veitastrond skule. Vel møtt!

2017-05-05

Visma flyt skole

Mange har no logga inn og nyttar Visma. Hugs:

  • Sjå etter at du som føresett står oppført med mobilnummer og kryssa av "SMS skole - hjem"
  • Trykk generelt samtykke
  • Trykk samtykke på kvar av ungane dine
  • Lagre nummeret til kontaktlæraren til din unge og bruk dette i staden for privatnummeret 
2017-03-28
Powered by CustomPublish AS