A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Oppsummering, veke 38

Småskulesteget har starta øvingane til årets «Blime-dans», de finn bilde frå dansen på klassane sin eigne sider.  

Dansen finn de her:     http://nrksuper.no/super/blog/laer-deg-blime-dansen-2014/

2. klasse fekk denne veka premie for 6000 oppnådde «Bra-kort» sidan dei starta i 1. klasse for vel  eit år sidan. Gratulere!

Nokre klassar har vore særs  fysisk aktive denne veka. Tysdag var det kommunal friidrettsdag i Gaupne for 5.-7. klasse. Ein flott dag med mykje god aktivitet, god innsats og kjekt sosialt. Fredag hadde 7.-9. klasse  aktivitetsdag med Høgskulen, mange kjekke aktivitetar  i Moane,  der friluftsliv og aktivitet var sentralt. Det flotte vèret sette ei ekstra flott ramme kring desse dagane.

8.-9. klasse starta denne veka med Nasjonale prøvar i lesing. I lag med 5 . klasse har desse klassestega nasjonale prøvar.

9. klasse har og hatt kantinedrift, der pizza og vafler var populære produkt. Underteikna kan stadfeste at varene smakte godt!

I samband med opning av nye kunstgrasbana er skule- og barnehageområdet meir «trafikert» på fritida, det tykkjer me er flott. Me minner alle om ansvaret for opprydding etter seg. Det flyt litt for mykje "bos" i området.

Komande måndag(22. sept) har me varsla brannøving på skulen, dette kan vere greit at foreldra til elevane på småskulesteget tek opp med borna.

 

Ha ei gode helg!

 

Kjell

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS