Oppsummering, veke 43
Ei veke der mange elevar har fått synt seg fram for talrike publikum. Fyrst ute var 1. og 6. klasse måndag med flott underhaldning på «Fellessamlinga» for heile skulen. Onsdagskvelden var det 1.-4. klasse som hadde kulturkveld med mykje underhaldning. Under kulturkvelden var det knappe 300 publikumarar tilstades, kjempegodt frammøte! Sjå ellers eigne saker på nettsida om desse arrangementa.
Fredag samla me heile skulen att i gymsalen. Då var det den nasjonale «BliMe-dansen» som skulle gjennomførast. 222 elevar, 35 tilsette og 10 studentar dansa saman i gymsalen. Eit flott syn…….trur jammen ein del tilsette har litt dans å lære av elevane.
Desse »fellestiltaka» er viktig for skulemiljøet og trivselen på skulen. Alle møter kvarandre, og me gjer ting saman.
5. klasse har denne veka gjennomført nasjonale prøvar i rekning og engelsk. 6. klasse har jobba vidare med «Avis i skulen», og onsdag hadde me besøk av Ingemår Fosshagen frå Sogn avis. Han fortalde oss mykje nyttig om korleis ei avis vert til.
Me har i eiga sak på nettsida omtalt den gode innsatsen til 4. klasse og 5. klasse i «Den store refleksjakta». Godt jobba!
I PALS har me no ekstra fokus på korleis me skal snakke til kvarandre, og at alle har ansvar for at alle skal trivast på skulen.
Det er no tid for elev- og utviklingssamtalar. Me satsar på konstruktive og gode samtalar.
Det er ellers full fart på planlegging av nybygginga/ombygginga av HBU. Denne veka vart FAU, SU, tillitsvalde, verneombod og vaktmeister orienterte. Prosjektet vil om ikkje lang komme ut på anbod til entreprenørarar.
Ha ei gode hausthelg.
Kjell