A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Oppsummering, veke 44

Tida flyg, og brått er denne månaden over. Klassane har hatt ei god arbeidsveke. Denne veka har klassane jobba mykje i «tradisjonell»  klasseromsundervisning.  

6b
6

Tida flyg, og brått er denne månaden over. Klassane har hatt ei god arbeidsveke. Denne veka har klassane jobba mykje i «tradisjonell»  klasseromsundervisning.  

Tysdag var den hittil blautaste dagen dette skuleåret, det regna både ute og inne. Inne i den gamle delen av skulen måtte me setje ut bøtter som kunne ta imot vatnet som trengde seg inn her og der. På slike dagar går det naturleg nok meir tid i garderoben enn normalt, spesielt på småskulesteget.

1.-4. klasse hadde sist veke Kulturkveld, den gav eit overskot på kr 18 500 kroner. Kjempeflott resultat som kjem vel med i FORUT-arbeidet.

ASK-prosjektet er no for alvor i gang for 5. klasse, der det er lagt opp til «fagleg, fysisk aktivitet» i lengre bolkar kvar dag. Eit spennande prosjekt.

På bilda ser de krukkene som 6. klasse har laga i kunst- og handverk i haust. Flinke og kreative elevar.

10. klasse hadde onsdagskvelden  presentasjon av Polenturen sin for foreldra. Flotte framføringar der elevane synte mykje lærdom av  turen, og i arbeidet med den i etterkant. Godt jobba!

Det er sett eit større fokus på lesing i alle klassar, og alle fag. Syner og til den «Kommunale leseplanen» som De finn på heimesida. Det er veldig viktig at elevane får øvd seg på lesing(leseflyt, forståing…), og at dei les jamnleg.

Me vil og minne foreldra på  at de må skrive  under på vurderingar og anna som krev underskrift.

Hugs bruktbutikken(i "Billagsbygget") til 9. klasse som er open laurdagar frå kl 13.00-16.00.

Ha ei gode helg!

Kjell

 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS