A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Snart Jul

No er det ikkje lenge før me alle tek juleferie, men me har enda mykje som skal skje på SFO.

Fyrst av alt må me få skryte litt sjølve. Julebordet torsdag vart kjempekjekt for liten og stor. Dette trur me at me lyt laga tradisjon av. Julebordet starta med marsj rundt i gongane med Norill med toraderen i front. Marsjen enda inne med bordet, der alle fant seg ein plass. Norill spelte ein julesang til oss, og så var me kklare med mat. Og som seg hør og bør så hadde me eit par gjester frå administrasjonen. Etter mat og drikke, leika me og så avslutta me med gang rundt julereet.

 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS