A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

1. kl

SAMAR OG SAMISK

På den samiske nasjonaldagen 6.februar møttest heile oppvekstsenteret ved lavvoen i barnehagen og fekk samisk reinsgryte - Bidos - og skulen hadde språkkurs, utstilling av linoleumstrykk og dramatisering av samisk eventyr om Stallo:

 

 

 

 

I dag fekk me mellom anna høyre eit spennande eventyr om #stallo under oppvekstsenteret sin markering av #samedagen. #jostedaloppvekst #6februar

Et bilde publisert av Jostedal Oppvekstsenter (@oppvekstjostedal)

" style=" color:#000; font-family:Arial,sans-serif; font-size:14px; font-style:normal; font-weight:normal; line-height:17px; text-decoration:none; word-wrap:break-word;" target="_blank">I dag fekk me mellom anna høyre eit spennande eventyr om #stallo under oppvekstsenteret sin markering av #samedagen. #jostedaloppvekst #6februar

 

Et bilde publisert av Jostedal Oppvekstsenter (@oppvekstjostedal)

2017-02-14

SKULEN:

Nyttige nettsider og appar for læring

Quizlet 3. trinn

Programma frå Mikroverkstedet

  • til dømes tastatur-trening med 10 fingrar - logg inn med FEIDE (same som du loggar på skule-PC med)

Quizlet 5.klasse (og resten av mellomtrinnet finn du om du går vidare frå lenkja) 

4.klasse: Kartleggingsprøve digitale ferdigheiter

2017-05-29

Skule:

Referat frå foreldremøte 25.aug

Pedagogiske satsingar, læringsmiljø, skuledemokrati, nye datasystem og oppfølging av foreldremøtet om skjermtid/nettvet.

2016-08-29
brevstein2_4988499a

Skulen: Felles hausttur

Vigdal - Brevsteinen - Ormbergstølen

Kvar haust har heile skulen ein fellestur i lag, der me vert kjent med ulike turar i nærmiljøet. I år er det turen frå Vigdalen forbi Brevsteinen og ned til Ormbergstølen, og då har me fått med oss kjentmann Kristen Ormberg som vegvisar og historeforteljar. Me reiser frå skulen ca kl 10, så alle må følgje bussen som vanleg om morgonen. På vegen heim kan dei som bur nedanfor Høgebrui gå av på vegen - men 1.-4.klassingar må ha med melding om dei skal det. 

Hugs drikke, god niste og klede etter vêret. Lov med ein liten tursjokolade (storleik som "Kvikk Lunsj")

2016-08-19
Logo55_m-visjon21

Måndag 15.august er me i gang att

Velkomne til nytt skule- og barnehageår!

I barnehagen er det ein ny gut, Håkon, og på skulen startar Elias, Julia, Kaja, Lars Haakon, Milla og Vebjørn i første klasse. Me gler oss til å starte på ein spennande, ny haust!

2016-08-11

Bruk FEIDE-brukarnamn og -passord

Innloggingsside for Office365

2016-05-12
julelunsj

Etter ei innhaldsrik førjulstid, vil me ved oppvekstsenteret ynskje alle

God jul og godt nyttår!

Sjå bilete frå den fine førjulstida med mykje samarbeid mellom skulen og barnehagen. Både skule og barnehage startar opp tysdag 5.januar i 2016. Takk for i år!

2015-12-24
Turstart Espe-Kroken

På tur i regnet med ein ekstra kjentmann

Skuletur Espe - Kroken

Einar Ese har rydda stien frå hyttefeltet på Espe og inn til Kroken, og vart med skulen på turen. Her går dei av garde med kjentmannen fyrst, så kjem 7.klassingane med fadderungane sine frå 2.klasse, og så følgjer 3. - 6.klasse med dei eldste sist. Dei rakk akkurat å starte på turen før regnet byrja.

2015-08-25
Powered by CustomPublish AS