A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Bilete

julelunsj

Etter ei innhaldsrik førjulstid, vil me ved oppvekstsenteret ynskje alle

God jul og godt nyttår!

Sjå bilete frå den fine førjulstida med mykje samarbeid mellom skulen og barnehagen. Både skule og barnehage startar opp tysdag 5.januar i 2016. Takk for i år!

2015-12-24
05

Veldig vellukka satsing i all snøen:

Ski i skulen!

Her er bilete frå då 3.-7.trinn hadde skiøkt torsdag 29.januar, men 1.-2.klasse har faktisk vore ute på ski 4 tysdagar no, biletet her er frå sist tysdag. Ingen tvil om at desse tiltaka aukar både dugleiken og gleden på ski!

2015-02-06
kokkekamp 2014

Onsdag 11.juni hadde 5.-7. trinn

Kokkekamp

Dei to laga endte utruleg nok på same poengsum (forrett, hovudrett og dessert dømd etter utsjånad, smak og sunnheit) frå dei to uavhengige dommarane Randi og Mette. Laget som vann, vart laget som hadde det bittelille ekstra, dei hadde vatn med lime og sitron i, veldig godt!

2014-06-24
20140610_125440

Tysdag 10.juni var

Barnehagen og 1.-2.klasse på tur til Bakken

I år gjekk den tradisjonelle vårturen for dei eldste i barnehagen i lag med 1.-2.klassen til Bakken - me kosa oss i nydeleg vêr!

2014-06-17
2014-02-25 10

Jan Magnus Bruheim, Tindra og 1.-3.klasse

"Den kvite hjorten"

BILETSERIE FRÅ "Den kvite hjorten" tysdag 25.feb - både frå framsyninga for skulen og barnehagen og frå framsyninga for foreldre og søsken om ettermiddagen.

2014-03-06
DSC_3189

Tysdag 3.12 kl 9.00

Bilete frå "Farvel til lyset"

Elevane stilte opp med lyktene sine (alle lagar si eiga lykt i 1.klasse) og song lyssongar. Turen gjekk bort til barnehagen, der ungane hadde flokka seg i glaset for å sjå og høyre. Tilbake på skulen var det peparkaker og klementiner, og me song resten av songane me øver på til juletrefesten. Det har vorte tradisjon at når soli forsvinn (rundt 1.12), så markerer me dagen med lys og songar, og oppfordrar alle til å "lyse for kvarandre" i mørketida.

2013-12-01
DSC_2901

Bilete frå fellesturen 26.august!

Skuletur Åsastøl-Åsen

MÅNDAG hadde heile skulen fellestur frå Åsastølen og opp i Åsen. Me fortsette naturmålar-prosjektet vårt frå før sommaren, Arvid hadde opplegg der alle fekk lære å teikne landskap i naturen. Dei som ville i 5.-7.trinn fekk springe på Skorahammaren med Jostein før maten, det var populært. Me hadde fantastisk vêr, og ein koseleg og lærerik dag ute. Trykk "Les meir" for biletserie frå den flotte dagen.

2013-08-23
Powered by CustomPublish AS