A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Barnehageavd.

Barnehage

Vekeplan for 18. -22. sept

Me starta med Brannvern, der me skal lage vår eigen brannstasjon og leike at me er brannmenn. Kva gjer me om det brenn, korleis unngå at det byrjar å brenne? Kva gjer me om brannalarmen går? Her har me fokus på samarbeid og det å hjelpe kvarandre. Alle får med seg ei "heimelekse", der barna ilag med foreldra skal svare på nokre enkle oppgåver. I slutten av perioden går me over på Førstehjelp for 3-5 åringane, der dei gjennom eit pedagogisk opplegg frå Røde kors blir kjent med dokka Henry og korleis me kan hjelpe dei som skadar seg.

 

2017-09-19

Barnehagen

vekeplan ut mai

Me startar opp att turdagar med fokus på kulturminne i nærmiljøet.

Byggeplass-prosjektet driv me fortsatt med. Det dukkar opp stadig nye ord og begrep me vil lære oss.

2017-06-08

Barnehagen

Plan for 8. mai - 19. mai

2017-05-05

Barnehagen

Plan for 24.april - 5. mai

Mykje byggeaktivitet skjer rundt oss, og me vil no nytte sjansen til å lære nye ord både på yrkesgrupper, maskiner og anna utstyr som me ser. Me vil legge opp til bading tre fredagar framover, der målet er at alle får bli med på ei badeøkt. Ellers vil me starte opp att med å gå turar i nærmiljøet vårt, og sjå om me finn nye kulturminner.

2017-04-21

Barnehagen

Plan fram til påske

Det blir utedag med ski og leik. Me har påskeaktivitet litt kvar dag, slik at alle får lage seg ein kylling.

2017-03-24

Barnehagen

Plan for 27. febr - 10. mars

Desse to vekene blir det Raudhette og ulven som blir hovudfokus. I tillegg skal me ha karneval 7. mars. Folkemusikar Oline Løvlid reiser rundt for Folkeakademiet og skal ha konsert for oss 9.mars.

2017-03-02
nepal

FORUT SIN BARNEAKSJON- GODE VENNER I NEPAL

TAKKEBREV TIL OSS

Onsdag 26. oktober 2016 arrangerte Oppvesktsenteret Forutfestival for heile bygda. Her var det sal av mat, underhaldning og utstillingar frå arbeidet som barnehagebarn og skuleelevar hadde jobba med i forkant. I år var det jordskjelvramma Nepal som var i fokus for innsamling av pengar. Frå Jostedal vart det sendt kr 9150,- , som tilsvarar kr 458,- pr. barn. Forut har sendt oss takkebrev, diplom og eit flott veggteppe med kart over Nepal, som takk for støtta dei har fått frå oss. Så tusen takk til alle dikka som kom og støtta oss på Forutfestivalen.

2017-02-20

SAMAR OG SAMISK

På den samiske nasjonaldagen 6.februar møttest heile oppvekstsenteret ved lavvoen i barnehagen og fekk samisk reinsgryte - Bidos - og skulen hadde språkkurs, utstilling av linoleumstrykk og dramatisering av samisk eventyr om Stallo:

 

 

 

 

I dag fekk me mellom anna høyre eit spennande eventyr om #stallo under oppvekstsenteret sin markering av #samedagen. #jostedaloppvekst #6februar

Et bilde publisert av Jostedal Oppvekstsenter (@oppvekstjostedal)

" style=" color:#000; font-family:Arial,sans-serif; font-size:14px; font-style:normal; font-weight:normal; line-height:17px; text-decoration:none; word-wrap:break-word;" target="_blank">I dag fekk me mellom anna høyre eit spennande eventyr om #stallo under oppvekstsenteret sin markering av #samedagen. #jostedaloppvekst #6februar

 

Et bilde publisert av Jostedal Oppvekstsenter (@oppvekstjostedal)

2017-02-14

Barnehagen

Månadsbrev for januar

Januar med hovudfokus på Bravo og Kule Krabatar. Mykje uteleik i snøen, og den som har hatt lyst, har gått på ski. Klikk og les på månadsbrevet, så ser du kva meir me har drive på med.

2017-02-07

Barnehagen

Plan for 30. jan - 10. febr 2017

Me jobbar vidare med Kule krabatar leikar og Bravo. Barna er veldig opptekne av fuglane som er rundt barnehagen, so me vil lage vår eigen fuglemat og  henge ut. Ein ny gut startar hos oss 1. februar, og me gledar oss til å bli kjende med han. For meir info om vekene framover, sjå vekeplanen under.

2017-01-27
Powered by CustomPublish AS