A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Samarbeid med heimen

Kven er med i dei ulike rådsorgana?

Råd og utval - oversikt 2017/2018

Foreldreutval, Foreldreråd, Foreldrearbeidsutval (FAU), Elevråd, Skulemiljøutval (SMU) og Samarbeidsutval (SU)

2017-10-05

Hugs å gå inn på INSTAGRAM for å følgje med...

Bilete frå skule- og barnehagekvardagen

Det er aller lettast å følgje med ved å installere app'en Instagram på mobiltelefon eller nettbrett, men du kan òg gå inn på denne heimesida for å sjå bileta: Jostedal oppvekstsenter på Instagram

2017-04-03

Skule:

Referat frå foreldremøte 25.aug

Pedagogiske satsingar, læringsmiljø, skuledemokrati, nye datasystem og oppfølging av foreldremøtet om skjermtid/nettvet.

2016-08-29

Kven er med i dei ulike rådsorgana?

Råd og utval - oversikt 2016/2017

Foreldreutval, Foreldreråd, Foreldrearbeidsutval (FAU), Elevråd, Skulemiljøutval (SMU) og Samarbeidsutval (SU)

2017-10-05
strikking-illustrasjon

Torsdag 4.februar: Kom og hjelp 3.-7.klasse med

STRIKKING - open dag for alle som vil hjelpe elevane

4.februar frå kl 9.30 til 13 inviterer me alle som kan strikke og vil hjelpe elevane med dette til ein slags strikkekafé på skulen. Det blir servering av kaffi og lett formiddagsmat for gjestene - meld deg på via e-post (mette.f.reinertsen@luster.kommune.no) eller sms (91715162) til Mette rektor/styrar (så me veit kor mange som kjem). Me vil fordele gjestene på elevgruppa, og elevane vil ha ulike prosjekt etter interesse og kor langt dei er komne i læringsprosessen. Om du har rundpinnar og strikkepinnar du vil gje til skulen, tek me gjerne imot dette! 

2016-01-28
omvendt-julekalender-sos-barnebyer

"Omvendt julekalender" på skulen

Solidaritet i førjulstida

No er haustaksjonen til inntekt for born på flukt i/frå Syria avslutta, og me fekk inn 13200 kroner! Det er me stolte av, men like viktig er det at ungane ved oppvekstsenteret lærte om born på flukt og andre ting knytt til flyktningekrisa. Me vidarefører solidaritetsarbeidet no i desember mellom anna med "Omvendt julekalender" på skulen. Dette er eit opplegg laga for skular der me kvar dag ser ein liten videosnutt frå ulike born sin situasjon rundt om i verda, og elevane her kan avtale å gjere små jobbar heime som dei får pengar for frå foreldra og leverer i ein lukka konvolutt kvar tysdag fram til jul (ingen ser om det er pengar i konvolutten eller ikkje). Sjå gjerne dagens kalenderluke i lag heime!

2015-12-02
Logo55_m-visjon21

Onsdag 28.okt: Middag og konsert - alle er velkomne!

Innsamling til flyktningane i Syria: Støttekonsert m/middag

Elevane i 5.-7.klasse serverer middag PÅ SKULEN frå halv fire til halv fem, og me samarbeider med Rockeverkstaden om konsert I DØLAHEIMEN etterpå (start kl halv fem). Det kostar 200,- for vaksne og 50,- for born, pengane går til vår eigen Redd Barna-aksjon. FAU hjelper oss med kakebaking, praktisk rigging og rydding og kaffikoking i Dølaheimen. Om nokon vil gje meir eller dele aksjonen med andre, er lenkja HER, det er berre å starte innsamlinga!
2015-10-28

Foreldremøte og foreldresamtalar haust 2015

Onsdag 16.sep: Foreldremøte 2.-4.klasse (kl 19-20) og 5.-7.klasse (kl 20-21)

22.-24.sep: Foreldresamtalar 2.klasse

29.sep: Foreldremøte barnehage

4.-5.nov: Foreldresamtalar 3.-7.klasse

 

2015-09-04
Logo55_m-visjon21

"Informasjon og visjon"

Referat frå felles foreldremøte 27.aug 2015

Satsingar dette året, presentasjon av oppvekstsenteret sin visjon "Hjartet i bygda" m/innspel frå foreldra, fordeling av verv i foreldreutvala, statusrapport i saka om utbygging/ombygging av barnehagen + diverse informasjonssaker.

2015-08-30

Skule, sfo og barnehage:

Felles foreldremøte torsdag kl 19.30

Saker på møtet: Visjon, satsingar dette året, utvida barnehage med bruk av Matsalen (og status i saka om utbygging av samfunnsbygget), konstituering av fau og SU, vanlege informasjonssaker. Meld frå til Mette om saker de ynskjer å ta opp!

2015-08-26
Powered by CustomPublish AS