A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Læringsmiljø

Trafikklys bskule

Nytt system for beredskap - trafikklysmodell

Smittevern skule og barnehage: Gult nivå

Folkehelseinstituttet har laga ein trafikklysmodell med grønt, gult og raudt nivå som viser kva for smitteverntiltak barnehager og skoler skal følge. Felles for alle nivåa er at ingen skal møte i barnehagen eller skulen viss dei er sjuke, og alle må sørge for å vaske hendene og ha god hostehygiene.

Her finn du trafikklysplakaten som oppsummerer dei ulike nivåa for barnehage og for barneskule.

2020-06-02
Logo55_m-visjon21

Oppsummering etter

FORELDREMØTE SKULE 10.september

Trivsel,tillit og respekt, planar og skjermbruk - og ikkje minst vidare arbeid med uteområdet. Her er ei oppsummering av det som vart teke opp på foreldremøtet for skulen måndag 10.september 2018.

2018-09-11

Kort forklaring av prosedyrer, med lenker til utfyllande stoff

Retten til eit godt læringsmiljø

Korleis handterer skulen krenkjande handlingar?

2016-03-02

Oppfølging frå foreldremøtet

Personvern - film for elevar og føresette

Dette er ein av filmsnuttane me ikkje fekk synt fram på foreldremøtet - det handlar om personvern for born, og filmen vil bli brukt som ein del av nettvet-opplæringa til elevane (4.-7.klasse) på skulen. Filmen er støtta av m.a. utdanningsdirektoratet, og ligg på nettsida DUBESTEMMER.NO. Der ligg òg ein del andre filmar og anna materiell for både skule og føresette.

2014-09-03
DSC_0056

Fellestur tysdag 26.august

Skulen på gamle vegar - Mjølver til Liastølen

Me var heldige med vêret og hadde ein både lærerik og koseleg tur frå øvst i Mjølversgardane og inn til Liastølen. 1.klassingane gjekk i lag med dei flinke fadderane sine, og me stoppa både på Li, i Leteigen, på Liastølen og ved tuftene til gamleskulen på Røvomn. Me såg òg ei kjempesvær ørn!

2014-08-26

Kva Olweus-gruppa i Bergen seier om

Mobbefri kvardag for alle

Det meste av krenkande åtferd i skulen går føre seg skjult for vaksne. Der det føregår mobbing, har krenkande åtferd fått utvikle seg over tid. Hovudprinsippet i arbeid med krenkande åtferd og mobbing er å avdekke og stoppe krenkande åtferd tidleg, slik at den ikkje utviklar seg til mobbing. Det handlar eine og åleine om kva vi vaksne gjer og kva vi ikkje gjer.

2014-05-04
2014-02-25 10

Jan Magnus Bruheim, Tindra og 1.-3.klasse

"Den kvite hjorten"

BILETSERIE FRÅ "Den kvite hjorten" tysdag 25.feb - både frå framsyninga for skulen og barnehagen og frå framsyninga for foreldre og søsken om ettermiddagen.

2014-03-06

Etter fastelavn er det

Karnevalstider

Skulen har karneval på kveldstid måndag 3.mars kl 17.30-19.45. Det vert servert heimelaga pizza (+pølser til dei som ikkje vil ha pizza), lov å ha med 1/2 liter brus for dei som vil (skulen har saft).

I barnehagen er det karneval på dagtid torsdag 6.mars.

2014-02-28

I dag svarte elevane på 5.-7.trinn på

ELEVUNDERSØKINGA 2013

I år er spørsmåla ein del endra, men det ser ut til å vere til det betre - mellom anna kunne me velje tilleggsspørsmål som går direkte på satsingsområda våre. De finn spørsmåla elevane svarte på ved å trykke "Les meir"

2013-11-15
Powered by CustomPublish AS