A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

2. kl

Tysdag er det kodetime for 2.-4.klasse

Meir dataprogrammering!

No får 2.klassen òg vere med - HER er lenke til kodespel/-kurset me skal prøve oss på på skulen - hald gjerne fram heime! Berre trykk på lenka og logg inn med "hemmeleg ord" som står på lapp i leksemappa.

2015-01-06
uteungar

Velkomne tilbake i skule og barnehage 2015

Godt nyttår!

Takk for i fjor, no er me glade for å ta fatt på eit nytt år!

2015-01-05
omvendt-julekalender-sos-barnebyer

Heile skulen er med på

Omvendt julekalender

For tredje gong er me med på "Omvendt julekalender" frå SOS barnebyer der slagordet er "gje i staden for å få". I år er det ekstra fokus på SN (FN) sin barnekonvensjon som har 25 - årsjubileum. Sjå ein liten videosnutt for kvar skuledag i desember her (desse ser klassene i lag på skulen). I tillegg til å lære litt om barnekonvensjonen og om korleis born har det andre plassar i verda, kan elevane samle inn pengar til aksjonen ved å gjere småjobbar heime der lønna skal gå til aksjonen. Alle får med ein konvolutt heim som dei kan samle pengane for slike småjobbar i, og så leverer dei konvolutten på skulen den siste veka før jul. På den måten vil ingen sjå kor mykje eller lite det er frå kvar.

2014-12-08

Skuleåret 2014/2015

Årsplanar 1.-3.trinn

Her ligg 1.-3.klasse sine årsplanar i faga:

2014-10-29
Gode venner i Nepal

I september og oktober har heile Jostedal oppvekstsenter

Forut-aksjon: "Gode venner i Nepal"

Både på skulen og i barnehagen er me no godt i gang med Forut-aksjon der me lærer om ungane Biswas og Nischal og korleis dei har det heime, i barnehagen og på skulen i Nepal. Det er mykje som er annleis enn i Noreg, men òg mykje som er likt! Me ser filmar, høyrer historiar, teiknar, skriv og lagar mat frå Nepal. 23.oktober vil me avslutte aksjonen med ein Forut-festival for heile bygda på Samfunnshuset.

2014-09-16
DSC_0003

Bursdagskalender

1. og 2. trinn held no på å lære seg når dei har bursdag. Her kan de sjå bursdagskalendarane dei har laga, desse skal henga i klasserommet.

2014-09-10

Oppfølging frå foreldremøtet

Personvern - film for elevar og føresette

Dette er ein av filmsnuttane me ikkje fekk synt fram på foreldremøtet - det handlar om personvern for born, og filmen vil bli brukt som ein del av nettvet-opplæringa til elevane (4.-7.klasse) på skulen. Filmen er støtta av m.a. utdanningsdirektoratet, og ligg på nettsida DUBESTEMMER.NO. Der ligg òg ein del andre filmar og anna materiell for både skule og føresette.

2014-09-03

Carla Navarro besøkte alle klassane på skulen måndag 1.september

Råd frå fysioterapeuten

Fysioterapeut Carla stilte på kvar og ein sin stol så alle skal sitte rett, og passa på at sekkane til 1.klassingane sat godt på ryggen. Ho snakka òg om kva som er viktig for både god helse og læring: Å sove nok og å bli sliten nokre gonger kvar dag. Carla fortalde elevane at me ikkje bør ha med mobiltelefon eller andre skjerm-dingsar i senga, siste halvtimen før me skal sove bør hjernen og augene få heilt datafri.

2014-09-02
DSC_0056

Fellestur tysdag 26.august

Skulen på gamle vegar - Mjølver til Liastølen

Me var heldige med vêret og hadde ein både lærerik og koseleg tur frå øvst i Mjølversgardane og inn til Liastølen. 1.klassingane gjekk i lag med dei flinke fadderane sine, og me stoppa både på Li, i Leteigen, på Liastølen og ved tuftene til gamleskulen på Røvomn. Me såg òg ei kjempesvær ørn!

2014-08-26

Felles for alle foreldre i skule og barnehage:

Foreldremøte 28.aug (kl 19.30) - saker

Stad: I matsalen på samfunnshuset

Saker: Satsingsområde 14/15 (m/presentasjon av Luster kommune sin nye leseplan for skule og barnehage), medievaner og skjermtid, bruk av pengegåve frå banken, trivsel og læringsmiljø, praktisk info (m.a. skuleskyss)

Foreldrekontaktar møter kl 19, konstituering av FAU (skule) og samarbeidsutval (skule og barnehage)

2014-08-25
Powered by CustomPublish AS