A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

7. kl

22.sep 2015

Referat frå klasseforeldremøte 2.-4.kl og 5.-7.kl

Her oppdatert MED referatet frå 2.-4.klassemøtet!

2015-09-27
kaffe-muffins

Måndag 14.september har 5.-7.trinn

Valkafé på Jostedal skule kl 12-17

Elevane i 5.-7.trinn har baka muffins og førebudd kafé til valdagen - i tillegg til at dei har lært om lokaldemokrati og viktige saker i valkampen her i Luster. Kaféen er på skulen, hugs kontantar!

2015-09-07
Turstart Espe-Kroken

På tur i regnet med ein ekstra kjentmann

Skuletur Espe - Kroken

Einar Ese har rydda stien frå hyttefeltet på Espe og inn til Kroken, og vart med skulen på turen. Her går dei av garde med kjentmannen fyrst, så kjem 7.klassingane med fadderungane sine frå 2.klasse, og så følgjer 3. - 6.klasse med dei eldste sist. Dei rakk akkurat å starte på turen før regnet byrja.

2015-08-25

Excelkurs

Excelkurs for elevar (obs: treng høretelefonar for å følgje instruksjonane).

2015-08-24

På skulen testar me no ut

Adaptiv læring i matematikk

Kort fortalt: Matteoppgåver på nett der du får lettare oppgåver om du svarer mykje feil, vanskelegare oppgåver om du svarer mykje rett. Multi Smart Øving (4.trinn klassekode: 2533815860, 5.trinn klassekode: 9350959910) og Khan Academy (6.-7.kl). Spennande bruk av teknologiske mogelegheiter!

2015-09-06
IMAG0539

Sjå kven som er med i

Elevrådet 2015-2016

2.tr: Ola Tuften & Brage Norberg, 3.tr: Siri Elise Fossen, 4.tr: Jostein Tennø Loe, 5.tr: Thea Tuften, 6.tr: Aslak Skamsar Aasen, 7.tr: Jasmin Kageni Namu (leiar). Fyrste møte: Onsdag 26.august

2017-10-05

Her finn de alle klassane sine

Timeplanar skuleåret 2015-2016

Desse timeplanane gjeld "vanlege veker", og kan endrast gjennom året.

2015-08-16
IMAG4018

Ordføraren klipper snora, alle er velkomne!

"Vasskraft i Jostedalen" - avduking av modell på Breheimsenteret

Denne våren har elevane i 5.-7.klasse ved Jostedal skule hatt eit omfattande prosjektarbeid om "Vasskraft i Jostedalen" der dei mellom anna har laga ein stor 3D-modell av Jostedalen i isopor (1,20 x 1,80 m) som syner viktige plassar i dalen, men hovudsaken var å sjå kvar det går røyr inne i fjellet, kvar kraftstasjonen er osb. Me vil gjerne invitere alle interesserte til avduking av modellen på Breheimsenteret i Jostedalen førstkommande måndag (8.juni) kl 10.45-11.30.

2015-06-05

Løys 422 oppgåver innan 1.juni!

Mattemaraton

HER er lenkje til Mattemaraton-registrering. Bruk skule-eposten til registrering.

2015-05-21
HoppforNepal

Innsamlingsaksjon ved skulen, ope for ALLE:

Hopp for hjartet - og Nepal!

I samband med skulen sitt arbeid med demokrati, internasjonalt ansvar og solidaritet, har me brukt å ha ein innsamlingsaksjon knytt til fysisk aktivitet for borna, og denne gongen har me i samråd med FAU laga ein aksjon til inntekt for born som er råka av jordskjelvet i Nepal. Ungane i skulen og barnehagen har eit særskilt forhold til Nepal frå Forut-aksjonen i haust, og det vil difor vere noko alle kan relatere til. På skulen har me òg pedagogiske opplegg knytt til jordskjelvkatastrofa denne veka. Her er nettsida til aksjonen vår hos Redd Barna der ein kan betale inn: http://L2W.no/rero.

2015-05-21
Powered by CustomPublish AS