A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Me hadde forfattarbesøk av

Erlend Loe

Fredag 14.mars hadde me forfattarbesøk av Erlend Loe, ein favoritt både hos elevar og lærarar. Forfattaren tok bussen med oss frå Jostedalen til Gaupne der alle elevane i kommunen var invitert til ulike alderstilpassa opplegg. 

1.-4. trinn fekk høyre boka "Rumpemelk fra Afrika" og litt frå "Kurt blir grusom" (som alle elevane hadde lese eller hatt som høgtlesing i klassen), og dei hadde så mange spørsmål til forfattaren at det knapt nok var tid til alle. 5.-7.trinn var på biblioteket under det første opplegget, og når det var deira tur, fekk dei høyre forfattaren lese frå "Kurt Kurér" og eit kapittel frå boka han skriv på for tida - ei ungdomsbok som kanskje vert del av ein trilogi. Òg i denne gruppa var det mange gode spørsmål, og svara var både lærerike og tankevekkande. Medan 5.-7.trinn hadde sitt opplegg fekk 1.-4.trinn ete maten sin, og dei fekk prøvd seg i tarzanløypa. Så reiste barneskuleelevane attende til avrunding av dagen på skulen, medan forfattaren hadde opplegg for ungdomsskulane. Det var ein inspirerande bokdag, og me håpar alle fekk idear til noko nytt dei vil lese - eller kanskje til og med ein idé til noko dei vil skrive!

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS