A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Jostedal skulefritidsordning (sfo)

Frå 1.august 2012 er Jostedal barnehage, Jostedal skule og sfo samla i Jostedal Oppvekstsenter. Me held til i dei same lokala som tidlegare, men har felles leiing og samarbeider tett.

Obs - melding til foreldre på sfo: Det er viktig at de seier frå når de hentar ein eller fleire ungar, så den vaksne på sfo veit kven ho har ansvar for til ein kvar tid! Stikk gjerne hovudet inn og høyr om det "er noko", så får de kanskje høyre om noko moro som har skjedd, eller kan vere førebudde viss det er litt ampert e.l.

Skuleåret 2012-2013 er det 7 ungar som har sfo i Jostedalen. Me er av og til på skulen, men oftast er me ute eller i matsalen og gymsalen i Samfunnshuset. Jorunn Anita har sfo alle ettermiddager utanom torsdag, då er det Gunn Jorunn som er der. Det er rektor som har ansvaret for drifta av sfo, og meldingar som gjeld sfo, skal skrivast i meldingsboka (som for skulebeskjedar).
Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS