A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

"Omvendt klasserom" - òg fint for foreldre som vil vere leksehjelparar

Matematikk for mellomtrinnet

Her kan elevar, foreldre og andre interesserte sjå YouTube-videoar om noko av det 5.-7.trinn skal lære i matematikk, og foreldre får sjå korleis reknestykkje skal/kan setjast opp no til dags. Filmane tek for seg emne for emne, og dei fleste varer om lag 5-10 minutt kvar: Matematikk-spelelista frå læraren Ole Martin Kyllo ("SkoleKyllo") på YouTube. 

Her ligg videoar som presenterer emne i matematikk for mellomtrinnet (5.-7.), laga av YouTube-brukaren "SkoleKyllo" (Ole Martin Kyllo, som er lærar på mellomtrinnet og pedagogisk rettleiar på Pedagogisk senter ved Knutepunkt Sørlandet). Videoane er laga for til dømes metoden "omvendt klasserom". Prinsippet i denne metoden er at elevane på eiga hand ser ein video med nytt læringsstoff, og bruker tida med lærar på skulen til å løyse oppgåver (ikkje til at læraren går gjennom stoffet). Videoane kan òg vere fine til repetisjon og variasjon, og for foreldre som vil oppdatere seg som leksehjelpar.

Lenke til video om emnet "Tal" (kap 1 i læreverket Abakus)

Lenke til video om emnet "Måling og einingar" (kap 2 i læreverket Abakaus)

HEILE MATEMATIKK-SPELELISTA 

For kommande 8.klassingar: På sida Campus Inkrement finn de eit fullstendig læreverk (Faktor 8) spelt inn emne for emne med kontrollspørsmål, veldig fint for 6.-7.klassingar òg!

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS