A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

OBS: Hugs at skuleruta ikkje kan ta med ski og stavar!

Skidag Heggmyrane torsdag

Torsdag 13.februar er det skidag for heile skulen på Heggmyrane.

For dei som følgjer skulebussen om morgonen, må ski og stavar leverast på skulen av foreldre, skulebussen har ikkje løyve til å frakte skiutstyr!

Foreldre som ynskjer å vere med og hjelpe i bakken, kan ta kontakt med skulen innan måndag. Me har (som me brukar) spurt nokre av førarane i dalen om å vere med oss òg.

I utgangspunktet står alle i 1.-4.klasse og dei som vil frå 5.-7.klasse i barnetrekket og "Banktrekket". Dei i 5.-7. som er trygge på den store heisen, står der etter ein prøvetur i Banktrekket (for å sjekke at utstyr funkar som det skal). Alle elevar må stå i lag med nokon andre, og for 1.-4.kl må foreldre lage avtale med skulen viss dei skal køyre i den store heisen - ring då kontaktlærar eller rektor før de avtalar med barnet.

Det er mogeleg å leige utstyr på Heggmyrane (150,- for fullt utstyr). Det seier seg vel sjølv at det ikkje vert symjing denne dagen, men hugs gode, varme skiklede (tenk på pausane òg), og ekstra sokkar og vottar/hansker i staden for badetøy.

Det er lov å ha med ein liten tursjokolade ("Kvikk Lunsj-storleik") og pølser på termos viss ein vil - kanskje vert det grilling òg, følg med på vekeplanen måndag. Hugs uansett stor og god niste, og varm eller kald drikke! Kafeen er open som varmestove og toalett, men ikkje for sal av kioskvarer e.l..

Heile turen vil vere innafor vanleg skuletid, me er tilbake til skuleruta går litt før kl tre. Dei som ikkje har sfo, kan stige av bussen på veg fram (gjeld dei som til vanleg følgjer drosjen heim torsdag ettermiddag), men alle møter på skulen om morgonen.

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS