IL Fanaråk, Luster IL, IL Bjørn, Hafslo IL og Veitastrond IL i samarbeid med Luster kommune ønskjer deg velkommen til Stolpejakta i Luster 2025
Stolpejakta i Luster er eit gratis lågterskeltilbod for alle! Her jaktar du stolpar i ditt nærmiljø – du kan sjølv velje om du vil gå, sykle eller springe for å finne stolpane. Dei grøne stolpane kan også nås med rullestol. Du kan registrere stolpebesøk digitalt eller ved bruk av fysiske kart og brosjyre.
Sesongen går frå 1. mai til 1. november og me håpar på minst like mange besøk som i fjor! I 2024 var øve 1600 stolpejegerar ute på meir enn 30 000 stolpebesøk. Til saman er det 115 stolpar ute – nokre av stolpane er i nærleiken eller ganske like som i fjor, mens andre stolpar er på heilt nye stader!
Me ber deltakarar i Stolpejakta om å unngå å køyre bil inn i bustadfelt for å registera stolpar. Parker på egna plass og gå til stolpane. Ta også omsyn til privat grunn – gå rundt, ikkje gjennom hagar, gardsrom, private parkeringsplassar og liknande.
Følg oss på
Facebook: Stolpejakta Luster
Instagram: Stolpejakta_i_Luster
God stolpejakt!
BLI KJEND I LUSTER KOMMUNE!
Meir info finn du her:
Stolpejakt brosjyre (PDF, 2 MB)
Lokale kart (PDF, 2 MB)