Det nasjonale minstekravet for foreldrebetaling, som inneberer at ingen skal betale meir enn 6% av den samla inntekta for ein barnehageplass er foreslått ført vidare. Maksprisen blir sett til 3 230 kroner i månaden frå 1. januar 2021. Då vil alle familiar med ei samla inntekt under 592 167 kroner ha rett til redusert foreldrebetaling

Regjeringa foreslår at det framleis skal vere gratis kjernetid, 20 timar, for barn mellom 2 og 5 år frå familiar med låg inntekt. Familiar med samla inntekt under 583 650 kronar vil ha rett til gratis kjernetid.

Eiga forskrift regulerer ordningane.I følge forskrift er det husholdningens samla skattepliktige kapital- og personinntekt det skal tas hensyn til ved beregning av foreldrebetaling og det er det etablert søknadsopplegg.

Foreldrebetaling barnehage 2021 Matpengar 2021*
Heil plass 3230 340
80 % plass 2910 290
60 % plass 2270 225
Dagsats 280 26

*Grunna Korona er mattilbodet i barnehagen redusert til mjølk og frukt til redusert sats; kr 150,- (120,- /90,-)

Moderasjonsordningar i barnehage:                                                                       

  • Barn 1                    Full pris                                                                                            
  • Barn 2                    30% moderasjon                                                                              
  • Barn 3 og fleire      50% moderasjon