Ofte vert økonomisk hjelp kombinert med rådgjeving og krav til søkjar.
For at søknaden skal kunne handsamast så raskt som mogleg, må søknaden vera fullstendig og korrekt utfylt og dokumentasjon må liggja ved søknaden. Du finn meir informasjon her.

Du søka om sosialhjelp digitalt i vår kommune. Den nye løysinga gjer at du kan søka heimanfrå heile døgnet på pc, mobil eller nettbrett.
For å søka sosialhjelp digitalt, må du logga deg inn på «Ditt NAV» på nav.no med BankID eller andre sikkerhetsløysingar som Buypass eller Comfides.

Treng du hjelp til utfyllinga, kan du ringa NAV Kontaktsenter på 55 55 33 33 og få rettleiing over telefon. Dersom du av ulike årsaker ikkje kan eller ynskjer å nytta den digitale søknaden om sosialhjelp, kan du framleis bruka papirsøknad som du finn tilgjengeleg under skjema.

Om du ynskjer samtale med rådgjevar oppmodar me om å gjera avtale via telefon eller chat.
Eventuelt ring NAV kontaktsenter på telefon 55 55 33 33 mellom kl. 08.00-15.30. Her får du rettleiing.

www.nav.no er ope heile døgnet. På Min side kan du ta direkte kontakt med din rådgjevar. Om noko hastar eller du ynskjer å setja opp avtale, kan NAV kontaktsenter vidareformidla melding, og det vert teke kontakt med deg.

 

NAV Luster har ope publikumsmottak kvar tysdag mellom kl. 12:00 og 14:00.