Søknadsfrist for endring og ny barnehageplass: 1. februar.

  • Foreldre busett i Luster og/eller som har arbeidet sitt i Luster, kan få barnehageplass til barnet sitt. Innbyggjarane i Luster skal prioriterast

  • Barnet ditt har lovfesta rett til barnehageplass dersom det fyller 1 år innan utgangen av november, og du søkjer innan fristen for hovudopptaket

  • Målgruppe er barn i alderen 1 – 6 år

  • Barnehageplass og prioriteringsrekkefølgje ved opptak er regulert gjennom vedtektene for barnehagane i Luster

  • Alternative plasstorleikar i barnehagane er 60 %, 80 % og 100 %

  • Hovudregelen er at barn med innvilga barnehageplass kan starte den 1. i den månaden dei fyller eitt år

  • Barnehageåret byrjar 15. august
    Eller fyste arbeidsdag deretter

  • Barnet ditt har barnehageplassen fram til det byrjar på skulen, eller til du seier opp plassen

  • Barnehageplassen kan seiast opp med to månader oppseiingsfrist 
    For å seie opp barnehageplass, gå inn i same portal som du søkjer i

  • Det er eigne reglar for redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid