
Bidra til at alle barn og ungdom deltek i fritidsaktivitetar
Fritidserklæringa bygger på artikkel 31 i FNs barnekonvensjon. Den seier at alle barn har rett til fritid og leik, og til å delta i kunst og kulturliv. For å få til det er det viktig med godt samarbeid både internt i kommunen og mellom kommune og frivilligheit/næringsliv.
«Det handlar om kva vi saman kan gjere for at guten på 8 år som seier han ikkje deltek blir med».
Tiltak
Friskus
Alle kommunar blir oppmoda om å bruke digital aktivitetskalender slik at ein enkelt kan få oversikt over aktivitetar i kommunen. I Luster brukar vi FRISKUS. Tenestene kan nytte Friskus i samtale med foreldre og barn for å finne passande fritidsaktivitet.
Vi håpar at alle lag og organisasjonar vil legge ut sine aktivitetar på FRISKUS slik at ein får enkel og god oversikt over alle aktivitetar i Luster.
Du finn god informasjon om FRISKUS her.
Treng du hjelp til å legge inn kan du sende plakat/informasjon (for eksempel treningstider) til ingrid.nygard@luster.kommune.no så legg ho inn😊
Luster fritidsfond
Alle barn og unge skal få moglegheit til å delta på fritidsaktivitetar i Luster kommune. Økonomi skal ikkje vere eit hinder for deltaking. Kjenner du nokon som har lyst til å vere med på ein fritidsaktivitet, men ikkje har økonomi til det, kan Luster Fritidsfond vere til hjelp.
Politisk frivilligheitserklæring
Luster kommune har i sitt budsjett for 2022 lagt inn at vi skal starte arbeidet med ein politisk frivilligheitserklæring. Å etablere eit forutsigbart og konstruktivt samarbeid mellom kommune og lag/org er viktig for samfunnsutviklinga i kommunen og for å oppretthalde «levande» bygder.
Frivilligheitserklæringa skal behandlast politisk og kommunen vil invitere alle lag og organisasjonar til kveldskonferanse –/ innspelkonferanse den 4. oktober. Invitasjon kjem.
Utstyrssentral
Drifta av Luster Frivilligheitssentral. På utstyrssentralen kan alle leige gratis turutstyr, inntil ei veke om gongen. Dei held til i Pyramiden ved sida av bruktbutikken. Ved utstyrssentralen er det grunnleggande turutstyr, syklar, ski- og akeutstyr.

Datahjelpa Luster
Datahjelpa Luster
Datamaskin og internett blir stadig viktigare for å bruke offentlege tenester. Teknologien utviklar seg raskt, men finn du fram?
Det er etablert tilbod om datahjelp i Gaupne. Det er eit samarbeid mellom frivillige datahjelparar og kommunen.
Meir Informasjon om tid og stad finn du på Friskus, søk "data".
Tilbod om datahjelp i bygdene
Kommunen samarbeida med lag- og organisasjonar i bygdene om ulike aktivitetar. Som del av dette er det tilbod om datahjelp når det er ønskje (også i samarbeid med banken).
Har du telefon, nettbrett eller PC og har lyst til å lære meir?
Døme på aktivitetar; lese avis på nett, pasientreiser, laste ned NRK TV, kjøp og sal, grunnleggande kurs, søke etter sydentur og mykje meir!
Drop in-tilbod: Kommunen gjev drop-in rettleiing på bibliotek og infotorget.
Britt Veum Hauge
britt.veum.hauge@luster.kommune.no
FriMoro – ferieaktivitetar
FriMoro arrangerast i sommarferien, haustferien og vinterferien og er eit arrangement i regi av Luster Kommune i samarbeid med lokale lag og organisasjonar som Gaupne helselag, Lions Club Luster og Luster frivilligsentral. FriMoro er eit arrangement for 4.-7. trinn. Det er også tilbod om aktivitetar i sommarferien for 8.-10. trinn.
Frå 2021 har det vore arrangert ferieaktivitetar i haust- og vinterferie. Det er då tilbod for både 4.-7. trinn og 8.-10. trinn. Eksempel på tidlegare aktivitetar er skidag, sykkeldag, aktivitetsdag i idrettshallen og Lustrabadet, LAN og klatring.
Løpande informasjon vert lagt ut på facebook sida til FriMoro.
Flexid-kurs og mentorordning
Flexid er eit kurstilbod for ungdom med krysskulturell bakgrunn frå 14 år og oppover. Kurset handlar om at ungdommane skal bli betre kjend med eiga identitet, tryggare på kven dei er og kva bakgrunn dei har – slik at dei kan lære å sjå seg sjølv som ein ressurs og brubyggar i samfunnet.
Kommunen har to tilsette som no er under sertifisering for å halde flexid-kurs. Om du ønskjer å vere med på eit kurs kan du ta kontakt med Ingrid Mork Nygård på tlf. 94156230 eller på e-post: Ingrid.mork.nygard@luster.kommune.no eller Armando Navarro på tlf. 45979559 eller på e-post: Armando.navarro@luster.kommune.no.
Her kan du sjå filmen for meir innblikk i flexid.
Mentorordning
Kommunen har to tilsette som har teke den nasjonale mentoropplæring om førebygging av radikalisering mot valdeleg ekstremisme. Dette er ei opplæring som gjer at dei tilsette har eit betre grunnlag til å gje vegleiing og bli kopla på saker der det er fare eller frykt for at personar er i gong med ein radikaliseringsprosess.
Om du ønskjer meir info, har aktuelle saker eller spørsmål kring dette – ta kontakt med Ingrid Mork Nygård på tlf. 94156230 eller på e-post: Ingrid.mork.nygard@luster.kommune.no eller Armando Navarro på tlf. 45979559 eller på e-post: Armando.navarro@luster.kommune.no.
Folkehelseoversikt - grunnlagsdokument
Grunnlagsdokument 2020 – 2023 (helsestilstand og påvirkningsfaktorar)
Kommunen skal kvart 4. år utarbeida eit dokument som syner oversikt over helsestilstanden i kommunen.
Dokumentet skal føreligge som grunnlag for anna planarbeid i kommunen.
Ei sentral konklusjon er formulert slik:
Folkehelsa i Luster kommune er god samanlikna med fylket og landet. Mykje vert altså gjort rett, og rammevilkåra for god folkehelse er til stades i samfunnet vårt. Sentralt i folkehelse er at det meste vert påverka av avgjerder som ligg utanfor helsevesenet. God planlegging av uteareal, gode sanitære rutinar, godt miljø i barnehagar, skular og på arbeidsplassar, tilrettelegging for fysisk aktivitet, meiningsfulle liv og høg sysselsetting er alle sentrale faktorar for god folkehelse.
Grunnlagsdokumentet syner at kommunen i sitt vidare planarbeid bør ha eit særskilt fokus på desse områda:
- Sosial ulikskap – barnefattigdom
- Psykisk helse
- Aldrande befolkning – ei samfunnsreform
- Frivillige organisasjonar – samarbeid for eit bærekraftig samfunn
- Fysisk aktivitet - kosthald/overvekt
Lov om Folkehelse gjev eit nytt fundament til å styrke eit systematisk folkehelsearbeid i politikk, samfunnsutvikling og planarbeid.
Dahlgren og Whiteheads figur som viser påvirkningsfaktorar for folkehelse
Folkehelseprofil for Luster kommune 2022:
Livskvalitet er temaet for folkehelseprofilen 2022, og indikatorar og figurar tek utgangspunkt i dette temaet.
Link til folkehelseprofil 2022 Luster kommune
Juleglede
Me er ei tverrfagleg samarbeidsgruppe i Luster Kommune som jobbar med «juleglede».
Denne gruppa er samansett av representantar frå frivillige lag og organisasjonar. I år er me så heldige å ha fått med oss ein prosjektleiar frå Luster kommune til å koordinere arbeidet.
Me samarbeidar om å gje familiar med økonomiske utfordringar mogelegheita til å ta imot ei juleglede.
Det kan vere mange ulike grunnar til at menneske får økonomiske utfordringar. Livet gjev oss ingen garantiar og det kan skje noko som fører til at økonomien blir sett på prøve. Om ein har forsørgjaransvar vert dette sjølvsagt ekstra vanskeleg.
Å ha dårleg økonomi er ofte forbunde med skam, og det kan vere vanskeleg å snakke om. Skilnadane mellom dei som har mykje og dei som har lite er store, og det kan vere vanskeleg å be om hjelp dersom ein ikkje får midlane til å strekke til.
«Juleglede» skal bidra til at familiar som har behov for det skal kunne få ei opplevingspakke for heile familien eller ei personleg julegåve til barna i alderen 0-18 år.
Det er moglegheit å fylle ut eit enkelt skjema der ein er heilt anonym. Meir informasjon om korleis du skal gå fram dersom du ynskjer å sende inn skjema, finn du på Luster Kommune sine heimesider.
Kvart år arrangerer me også eit gratis arrangement for alle barn, unge og vaksne i Luster, dette er for å bidra til at alle skal få like moglegheiter til å delta på eit kulturtilbod i kommunen, uavhengig av familien sin økonomiske situasjon.
I år er dette tilbodet fortsatt litt usikkert grunna ringverknader av korona.
«Juleglede» ynskjer å gjere ein forskjell for dei familiane som opplever julehøgtida som vanskeleg. I 2020 fekk 81 barn i Luster ei juleglede frå oss.
Me har oppretta Vippskonto til dette føremålet gjennom Luster Røde Kors, og i den samanheng vil me oppfordre både bedrifter og privatpersonar til å gje eit valfritt bidrag til dette føremålet.
Vipps # 519965 – Juleglede (Luster Røde Kors)
eller
Kontonr.: 3785.12.25871
Ved spørsmål, ta gjerne direkte kontakt med oss på telefon 470 13 690 (Luster Røde Kors)
![]() |
Livsmeistring robuste barn og unge |
Livsmeistring – Robuste barn og unge
Livsmeistring – Robuste barn og unge er eit samarbeidsprosjekt mellom Sogndal – og Luster kommune. Målet er å gi barn og unge like moglegheiter til å utvikle ei god og robust psykisk helse slik at dei vert betre rusta til å takle medgang og motgang i livet uavhengig av kvar dei bur, kva barnehage eller skule dei går på og kva styrar eller rektor dei har.
Film om prosjektet
Temakveld med Dora Thorhallsdottir «Relasjonar med barn»
Føresette og tilsette som jobbar med barn og unge i Luster – og Sogndal kommune fekk måndag 21. mars oppleve eit inspirerande føredrag krydra med humor med relasjonsterapeut Dora Thorhallsdottir.
Dora gav gode råd og konkrete reiskap til korleis skape ein nær, kjærleg og slitesterk relasjon til barn. Ho kom og med konkrete råd som er aktuelle i andre relasjonar; parforhold, venner, på arbeidsplassen etc.
- Evna til å møte andre er avhengig av korleis me har det med oss sjølv.
- Det gir ein magisk effekt å starte setningar med «Eg»: «Eg tenkjer at…» , «Eg vil at…» det er tydeleg og då tek du ansvar for kva du seier. Unngå å bruke «du, man, vi», det provoserer og er irettesettande.
- Ver tro mot deg sjølv og ver tydeleg på eigne grenser: «Eg vil gjerne», «Eg vil ikkje». Det gir ikkje rom for tolking. Du er innom deg sjølv, det er indrestyrt og genuint. For å kunne hjelpe andre må du ha det godt med deg sjølv.
- Ver tro mot deg sjølv og kjenn etter om dette er noko du vil, bør, skal eller må.
- Skil sak og person og anerkjenn kjensler. Å tole barna sine kjensler er ubetinga kjærleik i praksis. Sett ord på kjenslene: «Eg ser at du er sint, men eg vil ikkje at du slår systera di».
- Fortel kva du vil og unngå å bruke ordet «ikkje» i starten av setninga. «Eg vil at du skal kome heim».
- Gi aleinetid med kvart einskild barn.
- Aktiv lytting: Unngå å bruke spørjeordet «kvifor» det gir kjensle av å bli angrepet.
- Velg dine kampar. Ta dei kampane som er verdt å ta- barn treng kjærleik- så kjem folkeskikk av seg sjølv.
- Vis at du bryr deg og si det høgt, det er det barn treng. Barn klarer seg når dei veit at dei vaksne bryr seg og liker dei.
- Personleg tilbakemelding i staden for å bruke ordet «flink», som vert opplevd som manipulerande. «Du brukar fine fargar».
- Me vaksne er rollemodellar. Barn gjer som me gjer og ikkje som me seier. Obs dersom vaksne brukar mykje tid på telefonen sjølv.
- Har barn god sjølvkjensle (liker seg sjølv som dei er) vil dei stå stødig i livet og tole store orkanar, vaksne må bygge opp sjølvkjensla og ikkje sjølvtilliten til barna:
«Det er ikkje kva eg gjer som avgjer min verdi- men den eg er».
Fekk du det ikkje med deg? Her kan du sjå opptak av føredraget:
Ungdomsklubb
Ungdomane i Luster har lenge ynskt seg ein plass dei kan henge. No har dei endeleg fått det dei ynskja seg. Vinteren 2023 opna det to nye ungdomsklubbar i Luster - ein på Hafslo og ein i Gaupne.
Ungdomane har gjort ein stor innsats i utforminga og oppussinga av lokala. Det har vore fleire dugnader der både ungdomane og føresette har gjort ein fantastisk jobb. Begge ungdomsklubbane har eit ungdomsstyre som har valt korleis klubbane skal sjå ut, og dei har vore mykje involvert i oppussinga av lokala. Ungdomsstyret er òg med på å avgjere kva som skjer på klubbane og korleis dei skal vere. På ungdomsklubbane finst aktivitetar som bordtennis, Playstation, dataspel, brettspel m.m. Begge klubbane er opne ein gong i veka.
Opningstider:
Oddetalsveker
Hafslo: onsdag kl. 14.30-20.00
Gaupne: torsdag kl. 15.00-20.00
Partalsveker
Hafslo: torsdag kl. 14.30-20.00
Gaupne: onsdag kl. 15.00-20.00
Meir informasjon om kva som skjer på ungdomsklubbane og opningstider finn du på:
Instagram: ungdom_i_luster
Snapchat: ungdomiluster
Facebook: Ungdomsklubbane i Luster
Ønskjer du å bidra eller har spørsmål?
Ta kontakt med Ingrid Mork Nygård på tlf. 94156230 eller e-post: ingrid.mork.nygard@luster.kommune.no eller Thomas Haugen på tlf. 41293210 eller e-post: thomas.haugen@luster.kommune.no.
Politisk Frivilligheitserklæring
Etablering av politisk frivilligheitserklæring i Luster kommune
«Innbyggjarane som bur i kommunen er vår viktigaste ressurs og i Luster kommune er det mange frivillige. Den frivillige innsatsen er avgjerande for å skape gode lokalsamfunn. Et godt samspel mellom kommunen og frivilligheita er nødvendig for å møte dei utfordringar og moglegheiar som følgjer samfunnsutviklinga»
Sentrale myndigheiter tilrår alle kommunar å etablere ein politisk frivilligheitserklæring.
Ei frivilligheitserklæring skal representere Luster kommune sin frivilligheitspolitikk og innehalde grunnleggande prinsipp og overordna målsetting for kommunen sitt samspel med frivillig sektor.
Målet med erklæringa er å gje eit fundament for eit forutsigbart og konstruktivt samspel mellom partane.
Som del av arbeidet med Frivilligheitserklæring inviterte kommunen til kveldskonferanse hausten 2022 for å få innspel frå
frå organisasjonane. Det vart gjennomført kafedialog der organisasjonane kom med innspel som beskriv eigne utfordringar og ressursar samt kommunen sin rolle som tilretteleggjar i samarbeid og kontakt med frivilligheita
Rocket-Man – Luster
I 2023 skal det startast opp ein avdeling av konseptet Rocket-Man i Luster. Dette er eit alternativ fritidstilbod for ungdom med fokus på meistring, tilhøyrsle og tryggleik. I Rocket-Man får ein moglegheit til å vere med på mange ulike spennande aktivitetar ilag med andre ungdommar og unge vaksne. Me hadde i april besøk av dei som starta konseptet. Der fekk me høyre historia bak og deira erfaringar. Dette vart ein sterk og fin dag for alle som var med.
Kjenner du nokon du tenkjer Rocket-Man kunne passe bra for?
Då kan du snakke med ungdom og føresett og saman sende inn eit søknadsskjema. Sjå søknadsskjema her
Ønskjer du å bidra i Rocket-Man Luster? Me treng trygge vaksne og aktivitetsguidar!
Aktivitetsguidar: Unge vaksne (ca. 18-30 år) som vil vere med på ulike aktivitetar saman med ungdom vekentleg – både fellesaktivitetar og individuelle aktivitetar.
Trygge vaksne: Frivillige som vil bidra med det dei ønskjer – køyre til aktivitetar, lage mat, bidra i planlegging m.m.
Ta kontakt på tlf 941 56 230 eller e-post luster@rocket-man.no ved spørsmål eller ønskje om å bidra!
For meir informasjon sjå:
www.rocket-man.no
Facebook: Rocket-Man Luster
Instagram: Rocketmanluster
Samarbeid om møteplassar for alle i bygdene
Kommunen ønskjer å vere ein samarbeidspart for lag og organisasjonar i bygdene som ønskjer å arrangere møteplassar for alle i bygdene. Det er no oppretta dialog med nokre lag og organisasjonar og me ønskjer å ha samarbeids- og idemyldringsmøter med jamne mellomrom. Ved å jobbe på denne måten oppnår me samskaping!
Dette er ei vidareutvikling av tiltaket – generasjonsmøteplass, som har vore arrangert i fleire bygder.
Har du ønskjer eller spørsmål kring dette? Ta kontakt med Ingrid Mork Nygård på 94156230 eller Ingrid.mork.nygard@.luster.kommune.no.
Stolpejakten Luster
IL Bjørn, IL Fanaråk, Hafslo IL, Veitastrond IL og Luster IL i samarbeid med Luster kommune, ønskjer deg velkommen til Stolpejakta i Luster 2023.
Stolpejakta i Luster er eit gratis lågterskeltilbod for alle! Her jaktar du stolpar i ditt nærmiljø – og du kan sjølv velje om du vil gå, sykle eller springe for å finne stolpane. Mange av stolpane kan også nås med rullestol. Det er eit flott opplegg for skuleklassar og SFO å nytte seg av.
Endeleg er tida inne for sesong to med stolpejakt i Luster – og me håpar på like mange besøk i år som i fjor. Til saman er det 100 stolpar ute – 20 stolpar knytt til kvar idrettslag sitt område. Nokre av stolpane er i nærleiken eller ganske like som i fjor, mens andre stolpar er på heilt nye stader.
Me ber deltakarar i Stolpejakta om å unngå å køyre bil inn i bustadfelt for å registera stolpar. Parker på egna plass og gå til stolpane. Ta også omsyn til privat grunn – gå rundt, ikkje gjennom hagar, gardsrom, private parkeringsplassar og liknande.
Meir info finn du her:
https://stolpejakten.no/arrangor/lusteridrettsrd
https://www.facebook.com/Stolpejakta-Luster-105687082133690/
Styrkebasert utvikling – ABCD modellen
- Luster kommune vil ta i bruk metoden Styrkebasert ABCD modellen.
Asset-Based Community Developmenthar oppstått for å skifte fokus frå utfordringar til ressursar i lokalsamfunnet.
Trygge lokalsamfunn
Luster vart godkjent som Trygt Lokalsamfunn i 2016.
Trygge lokalsamfunn, eller Safe Community er eit WHO – konsept, og er ein systematisk måte å jobbe med førebygging av skader og ulykker på. Forsking viser at denne modellen har effekt, og at ulykkerisikoen for mange aldersgrupper og skadetypar kan reduserast med 25 til 40 prosent dersom ein klarer å mobilisere sentrale instansar, næringsliv og frivillige organisasjonar i eit samordna arbeid både lokalt og regional. Godkjenninga set ein kvalitetsstandard som kommunen no forpliktar seg følgja.
Styringsgruppa - Folkehelseråd
- Ordførar (leiar)
- Rådmann/ass. rådmann
- Lensmann i Luster
- Kommunalsjef oppvekst
- Rådgjevar eigedom
- Helsesjef/kommuneoverlege
- Leiar NAV
- Folkehelsekoordinator
Trygge lokalsamfunn er ein viktig del av folkehelsearbeidet og merkesaker for Luster i dette arbeidet er:
- Trygg skuleveg – gå/sykle til skulen
- Trygge eldre – førebygging av fall
- Folkehelseoversikt - dokument
- Lokal skaderegistrering
Skadeforebyggende forum har det nasjonale sekretariatet for Trygge lokalsamfunn.
Trygge lokalsamfunn i Luster kommune
![]() |
Armando Navarro |
Ungdomslos
Ungdomslosen er eit tilbod for elevane på ungdomsskulane i kommunen; for å auke trivsel på skulen, auke mestringskjensle og for å førebygge fråvær. Ungdomslosen skal samarbeide tett med foreldra til ungdomane eller andre omsorgspersonar og hjelpe dei med å støtte ungdomane sin skulegang.
Kva kan ungdomslosen hjelpe til med?
- Planlegge lekser og studieteknikk
- Sortere tankar og kjensler
- Takle nervøsitet
- Støtte- og motivasjonssamtalar med ungdom
- Vekking/køyring/henting til og frå skulen (i avgrensa tidsperiode)
- Hjelpe til med å strukturera kvardagen og få god døgnrytme
- Skape nettverk og sosiale relasjonar
- Motivere og lose inn i aktivitet på fritida
- Bli med ungdomen i møte med ulike instansar
- Vere med på overgangen frå ungdomsskule til vidaregåande opplæring
- Hjelpe og motivere ungdom til å kome i kontakt med hjelpetenester
- Eller hjelpe til med andre type tiltak som ungdomane treng for at dei skal oppleve kvardagane sine som gode
Ungdomslosen skal hjelpe ungdom når dei sjølv ynskjer det og kan møte ungdomen på
deira arena, samt vere til stades når ungdomen treng nokon å snakke med.
Korleis kome i kontakt med ungdomslosen?
Privatpersonar, skular eller andre offentlege tilsette kan ta direkte kontakt med ungdomslosen. For å avtale møte kan du enten ringe eller sende ei melding på: 45979559 eller på e-post: Armando.Navarro@luster.kommune.no