Kven kan hjelpe meg? Kva finst av hjelp? Kva gjer eg om eg vert bekymra for ein elev på skulen min? Kva gjer eg om eg ser at nabojenta har det vanskeleg? Dette er spørsmål som du får svar på i Luster kommune sin nye digitale modell som du finn nedanfor. Modellen skal vere til hjelp for alle innbyggjarane i Luster samt tilsette som jobbar med barn og unge. Klikk på sirklane for å kome til dei ulike områda, og vidare på overskrifta som kjem opp.

Er det grunn til å tru at eit barn er utsett for vald eller overgrep ta direkte kontakt med: 

Du kan og ringe politiet eller Sogn barnevern for råd og rettleiing

 

Du ser det ikkje før du trur det! (ein filmsnutt)

Informasjonsfilm: "Stå opp för de Tysta"

Les meir om SABU modellen

Om modellen
I Luster kommune har me som mål at alle barn og unge skal vekse opp i eit godt og trygt miljø. For å legga til rette for dette har me laga ein modell med utgangspunkt i eit tre. Treet viser at samarbeid på tvers av tenester og nivå i kommunen er avgjerande for at me saman skal fange opp og sikre ei god oppfølging av utsette barn og unge med deira familiar i ein tidleg fase​. Røtene på treet symbolisera kommunenivå, stammen einingsnivå, og trekruna individnivå. Trykker du på dei ulike ikona i trekruna vil du finna svar på ulike spørsmål, til dømes kven du kan kontakte og korleis du går fram om du er uroleg for eit barn eller ungdom. Her ligg det og aktuelle nettstader og filmar. Trykker du på ikona i stammen finn du m.a. informasjon om tenestetilbodet og om ulike tverrfaglege samarbeidsgrupper. På ikona i røtene ligg det m.a. informasjon om kva rammer som gjeld og korleis me har valt å leggje til rette for arbeidet med barn og unge i vår kommune.  

Treet symbolisera at me alle har eit ansvar og er ein viktig del av barn og unge sitt liv.

Det er oppretta ei prosjektgruppe som består av tilsette i dei ulike tenestene: Oddbjørg Ese (pedagogisk konsulent) , Anne Helen Strandabø (helsestasjon), Linda Røhme (skule), Per Rune Joranger (barnehage), Trine Anita Systad (NAV), Randi Kalstad (psykisk helseteam), Ingunn Breili (barnevern), Anniken Meisterplass (ruskonsulent), Liv Endresen (flyktningtenesta), Anita Kjørlaug (frivilligsentralen) og Olfert Øvrebø (kommunepsykolog).

Modellen er under utvikling og me ynskjer innspel og tilbakemelding, så ikkje nøl med å ta kontakt med prosjektgruppa eller prosjektleiar Marte Kvisterø Krogstadmo. E-post: marte.krogstadmo@luster.kommune.no  

Individnivå:    (klikk på overskriftene under for å opne innhaldet)

For deg som er under 18 år

Banner Gut som er lei seg

Når ting blir vanskeleg kan det verke som om heile verda er imot deg og at du er den einaste som har det sånn. Det kan vera mange ting som er vanskeleg å handtere, då er det viktig å vite at det er mange som vil hjelpa deg. I Luster finst det mange vaksne du kan snakke med om det du er uroleg for, tankar, kjensler og trivsel anten det gjeld deg sjølv, vener eller familie. Det er lurt at du snakkar med nokon av desse slik at du kan få hjelp. Nedanfor kan du finne ut av kven du kan kontakte, sjå ulike filmar og få gode råd.

Om du har god kontakt med ein vaksen, kan ho eller han hjelpa deg eller finna rett person i kommunen du kan snakka med. Derfor kan du gå til den du tykkjer det er lettast å snakka med.

Alle som arbeider med barn og unge har teieplikt. Det vil seia at det du fortel ikkje vert sagt til nokon andre utan at du veit kven som får informasjon og kva informasjon som vert gitt. 

Musikkvideo om alarmtelefon

Svar på ulike spørsmål Nettressursar

 

Treng du hjelp? Eller lurar du på om andre treng hjelp? 

 

 

Me vil gjerne at du kontaktar barneansvarleg ved helsestasjon ved å ringe:

57 68 56 05 

 

Du kan og snakke med nokon på alarmtelefonen for barn og unge på tlf: 116 111

Dei har ope heile døgnet. 

 


Det aller viktigaste er at du snakkar med nokon.  

 

Andre du kan snakke med:

 

  • Helsesøster på skulen
    • Gaupne skule,
      • Berit Skjerdal, tlf: 45 87 80 44
    • Luster ungdomsskule:
      • Jorun Ødegård, tlf: 47 80 82 60
    • Hafslo barne- og ungdomsskule:
      • Henny Haugane, tlf: 45 87 80 43
    • Luster, Skjolden og Jostedal oppvekstsenter:
      • Jorun Ødegård, tlf: 47 80 82 60
    • Indre Hafslo og Solvorn oppvekstsenter:
      • Berit Skjerdal, tlf: 45 87 80 44 

 

 

 

​Hjelpetelefonar du kan ringe:

 

​Tilbod for barn og unge 

 

Dine rettigheiter

 

Nettvett

Tenk deg om før du tek, har eller deler bilde

 

Har du psykiske plagar?

 

Er du bekymra for ein ven?

 

Har du det vanskeleg heime?

 

Kropp og seksualitet

 

Mobbing og utestenging

 

 

Nettstader:

Filmar:

Føresette

Banner - Mor med to barn

Føresette er dei viktigaste personane i barn og unge sitt liv. Dei er barnet sitt anker i tilværa. Føresette skal gi barn og unge omsorg og omtanke, juridisk sett inneber ansvaret at ein pliktar å forsørgje og oppdra barnet på ein forsvarleg måte. Barn har etterkvart som det vert eldre rett til å vera med på avgjersler omkring personlege høve.

Livet byr på ulike utfordringar som kan gjere dette ansvaret vanskeleg. Det er lett å få dårleg samvit og føle at ein ikkje strekker til som føresett. Når man slit kan det vere vanskeleg å søke hjelp av andre. Mange opplev det som eit nederlag å ikkje klare alt sjølv. I staden for å søke hjelp held ein problema for seg sjølv. Men hugs at det er eit teikn på styrke at du søker hjelp. Det er mange i Luster som kan hjelpe og støtte deg. Nedanfor finn du informasjon om kven du kan ta kontakt med og anna informasjon som kan vere til hjelp for deg som føresett.

Vennskap førebygger mobbing og vi vaksne kan spele ein avgjerande rolle som brobyggar mellom barn, om vi berre er litt oppmerksame og inkluderande, sjå filmen: "Vennskap mot mobbing"

Svar på ulike spørsmål Nettressursar

Mistenker du at eit barn eller ein ungdom vert utsett for vald eller overgrep ta direkte kontakt med:

Er du uroleg for eit barn, ein ungdom eller ein familie kan du få hjelp til korleis du skal gå fram av tilsette i kommunen. Ved at du tek kontakt, kan du bidra til at den/dei det gjeld får den oppfølginga og hjelpa dei treng. 

Me vil gjerne at du tek kontakt med helsestasjon på tlf: 57 68 56 05

Du kan og ringa politiet eller Sogn barnevern for råd og rettleiing.

 

Ta kontakt om du ynskjer nokon å snakke med:  

 

Førebyggjande tiltak i kommunen

 

Utsette barn og unge

 

Barn som pårørande

 

Rettar og plikter

 

Foreldrerolla

 

Samarbeid mellom heim og barnehage/skule

Nettstader

Filmar

Barn som pårørande

Banner søsken

Framgangsmåte - Barn som pårørande (diagram)

Prosedyre: "Barn som pårørande"

Brosjyre "Barn som pårørande" 

Samtykkeskjema

Barn får med seg meir enn det me vaksne trur, sjølv om me prøver å skjerme dei frå noko me trur dei ikkje har godt av eller noko me ikkje ynskjer barn skal vite.

Svar på ulike spørsmål Nettressursar

Døme på kva barn kan legge merke til:

  • Stemmen og ansiktsuttrykkene til mamma er annleis
  • Pappa er heime frå jobb
  • Mamma går ut av rommet når ho snakkar i telefonen
  • Storesyster held seg mest for seg sjølv
  • Folk rundt familien oppfører seg annleis

Vanlege reaksjonar

Barn og unge reagerar på ulike måtar når dei opplev sjukdom eller avhengigheit i eiga familie. Nokon er nysgjerrige og aktive, mens andre er meir roleg og stille. Andre søker seg vekk frå det som skjer. Alle er vanlege reaksjonar og måter å vere på. Barna sine reaksjonar er vanlege måtar å mestre på. Dei tenker og gjør ting for å føle seg trygge, tilpassa seg og for å laga seg forklaringer på kva som skjer. Når barn og unge laga forklaringar på eiga hand, stemmer dei ikkje alltid med verkelegheita. Forklaringane er uansett viktige fordi dei gir meining for barna, sjølv om dei ikkje alltid verkar like fornuftige for oss vaksne. 

Døme på vanlege reaksjonar hjå barn: 

  • Tankar: Kva kjem til å skje? Blir han eller ho frisk igjen? Er det mi skuld?
  • Kjensler: Sinne, bekymring, uroleg (endrer åtferd), beskyttande, stille, hjelpsom, passiv, trekk seg unna. 
  • Dei minste barna kan bli urolege, søke bekreftelser eller gi opp å få kontakt med foreldra.

Ver merksam på reaksjonar hjå barn som varer over tid. Det kan vere lurt å søke hjelp dersom barnet:

  • får kroppslege plagar som hovudverk eller mageknipe
  • isolera seg
  • endrar oppførsel i barnehage/skule
  • slutter å leike
  • slutter å ta med vener heim
  • blir overdrevent føyeleg
  • skulker skulen

Kva treng barn og unge?

  • Openheit når nokon i familien er sjuke
  • Å vere ein del av fellesskapet
  • Å vite og forstå
  • Rutinar og føreseielegheit
  • Gode arenaer utanfor familien
  • Anerkjenning, barn treng å vite at deira måte å handtere situasjonen på er ok.

Nettstader

 

Barn av rusmisbrukere (BAR): barsnakk.no 

Kreftlinjen: 21494921 Snakk med kreftforeningen om rettigheter og muligheter

Kors på halsen (Røde kors): korspahalsen.no

Pårørendesenteret: parorendesenteret.no

Landsforeningen for pårørende innen psykisk helse: lpp.no

BarnsBeste: BarnsBeste.no

Mental helse: mentalhelse.no

Landsforbundet Mot Stoffmisbruk: motstoff.no

Rådgivning om spiseforstyrrelser (ROS): nettros.no

 

Ven / trenar / nabo / fritidsleiar / frivillige organisasjonar

Banner Barn i tulipanåker

Vi veit at vaksne som bryr seg om eit barn som har det vanskeleg, kan vera avgjerande for korleis det går med barnet i framtida. Du kan vera den eine som ser. Det finns ikkje vanskelege barn, men barn som har det vanskeleg. Me som arbeider med barn og unge i Luster kommune vil gjerne hjelpe og samarbeide med deg for at alle barn og unge i kommunen skal få ein trygg og god oppvekst. Her finn de nyttig informasjon om kven du kan kontakte viss du er uroleg for eit barn eller ungdom, samt gode råd som kan vera til hjelp.

Vi er mange som ser, det er først når vi snakkar saman om det vi ser at vi kan gjere ein skilnad. Sjå filmen: "Vaksne skapar vennskap- saman". 

Svar på ulike spørsmål Nettressursar

Mistenker du at eit barn eller ein ungdom vert utsett for vald eller overgrep ta direkte kontakt med:

Er du uroleg for eit barn, ein ungdom eller ein familie kan du få hjelp til korleis du skal gå fram av tilsette i kommunen. Ved at du tek kontakt, kan du bidra til at den/dei det gjeld får den oppfølginga og hjelpa dei treng. 

Me vil gjerne at du tek kontakt med helsestasjon på tlf: 57 68 56 05

Du kan og ringe politiet eller Sogn barnevern for råd og rettleiing.

 

Ta kontakt om du ynskjer nokon å snakke med:

 

Korleis kan eg hjelpe?

 

Gode råd til trenarar i barneidretten

  • Sjå: å bli lagt merke til og hugsa på, blir opplevd som verdifullt. Ha augekontakt, og bruk namnet til barnet med respekt.
  • Lytt: Lytt til kva barnet/ungdommen fortel deg, og anerkjenn barnet/ungdommen si oppleving utan å avbryta eller korrigera. 
  • Gi: Å gi handlar om å vera inkluderande. Sjølv i konkurranseutsette aktivitetar er det mogleg å sjå ein styrke i alle. 
  • Forstå: Vis interesse. Ein vaksen som forstår. Tør å spørja korleis eit barn/ungdom har det- og toler svaret. 
  • Sett grenser: Barn blir trygge når vaksne er trygge og tydelege. Vis omsorg gjennom å setta grenser og vera rettferdig. 
  • Ver ein god rollemodell: Barn/ungdom speglar oss i alt vi gjer. Ver eit raust og inkluderande forbilde som handtera ueinigheit og at nokon er annleis. 

 

 

Nettstader

 

Filmar

   

 

 

For deg som arbeider med barn og unge

Banner Auge til eit barn

Vi har alle eit vaksenansvar. Eit ansvar for å passe på. For å sjå. For å tilby ei trygg hand når det trengs. For å vera vaksne for barn.

Vi er mange som ser, det er først når me snakkar saman om det vi ser at me kan gjere ein skilnad. Sjå filmen: "Vaksne skapar vennskap- saman". 


"Sabu-treet" fokuserer på at tilsette skal bli gode på å sjå og følgja opp barn, unge og familiar ein er uroleg for. Det er ulike situasjonar og symptom hjå barn, ungdom og familiar som gjev grunnlag for uro. Er du som tilsett/fagperson uroleg, er du pålagt å følgja dette opp for å sikra at dei det gjeld får den støtta og hjelpa dei treng. Nedanfor får du informasjon og hjelp til kva du skal gjere i situasjon du står i. 

 

   

Mistenkjer du at eit barn eller ein ungdom vert utsett for vald eller overgrep ta direkte kontakt med:

Politiet: 02800 (ope heile døgnet)

Sogn barnevern: 57 62 97 30 (dagtid)

Barnevernvakta i Luster kommune:

  • 97 50 60 95 (dagtid)
  • 40 02 29 88 (kveldstid, helger og feriar)

Du kan og ringa politiet eller Sogn barnevern for råd og rettleiing.

 

Er du bekymra for eit barn, ungdom eller ein familie? 

 

Kva ansvar og plikter har du som arbeider med barn og unge i Luster kommune

 

 

Verktøy i arbeidet med barn og unge

 

Rettleiingsmateriell

 

 

Samarbeid mellom heim og skule/barnehage

 

Samarbeid med andre

 

Nettstader

Filmar

 

 

Kontaktinformasjon for aktuelle tenester for barn, unge og familiar 

Einingsnivå:    (klikk på overskriftene under for å opne innhaldet)

Tenestetilbod og tiltak

Banner - Jente i løvetann eng

Tenestetilbod Tiltak

0-6 år

Helsestasjon

Barnehage, Skule/SFO

NAV

Politi

  • Politibesøk for alle 5-6 åringar,
    • Tema: Vennskap, gode og vonde hemmelegheiter, kroppen min

 

Sogn barnevern

6-16 år

Helsestasjon

Skule/SFO

NAV

Politi

  • Bekymringssamtale 12-18 år
  • Politibesøk i 5.klasse
    • Tema: Vennskap, nettvet, bildedeling, kroppen, rus, mot.
  • Politibesøk i 8.klasse
    • Tema: Nettvet, kropp, grenser

Sogn barnevern

Frivilligsentral, lag/org. mm

 

16-20 år

Helsestasjon

 

Psykisk helseteam

 

Sogndal vidaregåande skule

 

NAV

 

Politi

  • Ungdomsoppfølging
  • Bekymringssamtale
  • Politibesøk VGS
  • Politibesøk for russen
  • Patrulje i sentrum, helg

Sogn barnevern

 

Frivilligsentral, lag/org. mm

 

Føresette​

Helsestasjon

  • Foreldrestøtteprogram- COS
  • ICDP
  • Samtale/kartelegge mor si psykiske helse etter fødsel
  • Foreldrerettleiing vedr.tilknytning/samspel m.m. ved konsultasjon og v/b. 

 

Barnehage, Skule/SFO

NAV

Politi

  • Informasjon på foreldremøte

Sogn barnevern

  • Endringsorienterte tiltak
  • Kartlegging
    • Samtale med barn, ungdom og foreldre (Marius Mus)
    • Kartlegging av barn, ungdom og foreldre (Working Model of the Child Interview)
    • Heimebesøk
    • Observasjon (Crowell observasjon)
  • Kompenserande tiltak
    • Barnehageplass/SFO
    • Avlastningstiltak
    • Dekking av fritidsaktivitetar og naudsynt utstyr
  • Omsorgstiltak
  • Deltaking i utarbeiding av individuell plan
  • Deltaking i ansvarsmøte
  • Attendemelding til meldar
    • Privat meldar, at melding er motteke

Frivilligsentralen

  • "Juleglede"
  • Bruktbutikk
  • Utstyrssentral

 

Familievernkontoret

 

Brukarmedverknad

Banner - Barn med ropert

«Når vi som hjelpere skal vise omsorg for mennesker som har opplevd mye smerte kan vi fort bli opptatte av hvilke metoder vi skal bruke for å hjelpe. Vi tenker at det er det riktige, og det profesjonelle å gjøre. Men jeg er redd vi glemmer det som ligger oss nærmest, det intuitive mennekelige: Nemlig et godt blikk, og behovet for fellesskap».

Heine Steinkopf

Kvifor brukarmedverknad

  • Brukarmedverknad er ein lovfesta rett, og er derfor ikkje noko tenestene kan velge å forhalda seg til eller ikkje. Brukarar har rett til å medverke, og tenestene har plikt til å involvera brukaren i undersøkingar, behandling og i val av tenestetilbud.
  • Brukarmedverknad er og eit verkemiddel på fleire nivå. M.a. kan det bidra til auka treffsikkerheit i forhald til utforminga og gjennomføringa av både generelle og individuelle tilbod.
  • I tillegg har brukarmedverknad ein eigenverdi i at menneske som søker hjelp, på linje med andre, gjerne vil styre over viktige delar av eiga liv, ta imot hjelp på eige premiss og bli sett og respektert i kraft av si grunnleggjande verdigheit.
  • Brukarmedverknad har ein terapeutisk effekt om brukaren kan påverke omgjevnadane gjennom eigne val og ressursar som då vil kunne påverke sjølvbilde på ein positiv måte og dermed styrke brukaren sin motivasjon. Dette vil kunne bidra til brukaren sin betringsprosess og dermed ha ein terapeutisk effekt. I motsatt fall kan den hjelpesløsheiten mange brukarar opplev bli forsterka.

Barn si rett til medverknad

Brukarmedverknad

Brukarmedverknad i Luster kommunebilde til brukarmedverknad.pdf

  • Individuell plan
  • Koordinator og fast kontaktperson
  • Erfaringskonsulent psykisk helse og rus
  • Brukarstyrt aktivitets-/dagtilbod psykisk helse og rus
  • Politisk behandling av planverk
  • Råd for menneske med nedsett funksjonsevne
  • Ungdommens kommunestyre
  • Foreldreutval (FAU)
  • Samarbeidsutval (SU)
  • Skulemiljøutval (SMU)
  • Elevråd
  • Foreldremøte i barnehagane og skulane 2 gångar per år
  • Foreldresamtalar i barnehagane og skulane 2 gångar per år
  • Årleg brukarundersøking i barnehagane
  • Årleg brukarundersøking i skule

 

 

Tverrfagleg samarbeid


Banner teamwork

Mange barn og unge har behov for tiltak og tenester frå fleire instansar. Tverrfagleg samarbeid er ein forutsetning for å kunne gje barn og unge rett hjelp til rett tid.  I Luster har me rutinar for samarbeid og samordning for at me saman kan bli betre til å møte utfordringer og barrierar som kan vera til hinder for at barn og unge får den hjelpa dei har behov for.

Tverrfagleg samarbeid er eit felles ansvar.

  • Alle tilsette som jobbar med barn, unge og familiar skal samarbeide om å gje eit heilskapleg og koordinert tilbod til barn, unge og familiar.
  • Dette gjeld kommunale aktørar som Helsestasjon/skulehelseteneste, NAV, fastlegar, ergoterapi, fysioterapi, psykisk helseteam, Luster tannklinikk, skular og barnehagar med fleire.
  • Viktige interkommunale og eksterne aktørar er Sogn barnevern, PPT, Politi, frisklivssentralen, familievernkontoret spesialisthelsetenesta (t.d. BUP, barneavdeling, habiliteringsteneste og vaksenpsykiatri).
  • Ved sjeldne funksjonshemmingar kan det vere aktuelt å kontakte nasjonale kompetansesenter: Sjeldne diagnoser eller oversikt over kompetansesenter
  • Rådmann har eit overordna ansvar for tverrfagleg samarbeid og einingsleiarar har eit særskilt ansvar for å ta initiativ til å delta i tverrfaglege samarbeidsmøte (jamfør Administrativt delegeringsrelement).
  • Alle tilsette i Luster kommune har ei plikt til å initiere og delta i tverrfagleg samarbeid ved behov. 
Kva føringar og rutinar har me for samarbeidet Tverrfaglege møteplassar

Praktiske råd om samarbeid

Samtykke

Opplysningsplikt

Opplysningsrett

Målgruppa- kven skal vi samarbeide om? 

Kva skal vi samarbeide om? Kva skal vi sjå etter? 

Forpliktande samarbeid når vi er bekymra

Rettleiar: Teieplikt og samhandling i kommunalt arbeid for barn- ungdom -familiar (KS) 

Tverrfagleg kompetanse

Tverrfagleg samarbeid rundt enkeltbrukar

 

Rutinar

Oversikt over prosedyrar og rutinar som ligg i LKK

Opplæring av nytilsette

I alle tenester som arbeider med barn, unge eller vaksne som er foreldre skal det vere rutinar for opplæring av nytilsette/tilsette i modellen «Saman om barn og unge i Luster». Alle tilsette i Luster kommune skal vite og vere trygg på korleis gå frå bekymring til handling. For å sikre at nytilsette får god opplæring er det eit eiga punkt i skjema «introduksjon av nytilsette» som heiter tverrfagleg samarbeid. Og i tillegg skal «Saman om barn og unge i Luster» vere eit av tema på kurset for nytilsette som arrangeres årleg.

Overgangar

Overgangar er ei kritisk fase og det er særdeles viktig med god planlegging og førebuing. I barnehagane og skulane er det overgangsrutinar. Desse skal sikre at viktig informasjon delast med aktuelle samarbeidspartnarar når barnet byrjar på skulen og ved overgang til ny skule og evt. bytte av barnehage/skule. Før informasjon delast må foreldre samtykke.

 

 

Barnehagane samarbeider med nærmaste skule, andre barnehagar, Sogn barnevern, helsestasjon og BUP for å ivareta barna best mogleg. Barnehagane samarbeider tett med PPT når det gjeld utgreiing og oppfølging av enkeltbarn og grupper.

 

Familieforum

  • Faste medlemmar: Leiande helsesøster, Helsesøster, PPT, NAV, Flyktningtenesta, Folkehelsekoordinator, Politikontakt, Sogn barnevern, Ruskonsulent, Kommunepsykolog, Psykisk helseteam, Pedagogisk konsulent barnehage, Konsulent for menneske med nedsatt funksjonsevne, Jordmor, Helsestasjonslege, Fysioterapeut, Prosjektleiar-Saman om barn og unge.
  • BUP er med på møta 4 ggr/år og v/b.
  • Møte 1 gång per månad
  • Leiande helsesøster kallar inn, set opp møteplan og skriv referat
  • Prosedyre for familieforum ligg i LKK

 

HSP-møte (Helse- sosial- pedagogikk)

  • Faste medlemmar: Helsestasjon/skulehelseteneste, PPT, Sogn Barnevern, Barnehage/skule.
  • Varierande tal møte per år etter storleik på barnehage/skule.
  • Helsestasjon set opp møteplan og tek imot evaluering.
  • Barnehage/skule kallar inn og skriv referat.
  • Prosedyre for HSP-møte ligg i LKK

 

Tverrfagleg samarbeidsgruppe for nyankomne flyktningar

  • Faste medlemmar: Styrar-barnehage, Rektor- skule, Leiande helsesøster, Ansvarleg for flyktningar på helsestasjon, NAV, Flyktningtenesta og Helsestasjonslege
  • Møte v/b

 

Tverrfagleg samarbeidsgruppe for «Saman om barn og unge i Luster» (SABU)

  • Faste medlemmar: Pedagogisk konsulent barnehage, Leiande helsesøster, Rektor-skule, Styrar-barnehage, NAV, Psykisk helseteam, Sogn barnevern, Ruskonsulent, Flyktningtenesta, Frivilligsentralen og kommunepsykolog.
  • 2 møter per år.

 

 

Rapportering

Banner - Bokstaver


Rapportering betyr at det jevnleg blir gitt tilbakemelding til leiinga, om korleis drift og produksjon fungera jamfør avtalte planar og fristar.

 

  • I Luster kommune er det utarbeida eit årshjul for kommunen for m.a. rapportering.
  • Det tverrfaglege førebyggande arbeidet vert koordinert på einingsnivå i Familieforum, det vert rapportert både dit og vidare derifrå.  
  • På individnivå vert mykje av det tverrfaglege førebyggande arbeidet koordinert ved helsestasjon og det vert rapportert derifrå til m.a. Familieforum.

Evaluering


Banner - Rapport


Evaluering er ein systematisk datainnsamling, analyse og vurdering av ein planlagt, pågåande eller avslutta aktivitet. Evalueringar kan gjennomførast før eit tiltak iverksettast, undervegs i gjennomføringa eller etter at tiltaket er avslutta. Evaluering er viktig for læring, utvikling og forbetring.

 

Evaluering på kommunenivå

  • Evalueringa vert initiert og fylgt opp via leiarsamling. På leiarsamling rapporterar leiarane status frå sine einingar. I tillegg vert det rapportert særskilt på aktivitet i årsrapporten.

 

Evaluering på einingsnivå

  • Evaluering av det tverrfaglege førebyggande arbeidet vert initiert og fylgt opp i faste møte i Familieforum.

 

Evaluering av tenester på individnivå

  • Dette vert gjort fortløpande og i regelmessige intervall i dei ulike einingane.
  • Modellen «Saman om barn og unge i Luster» (SABU) skal evaluerast årleg.
    • Oppgåver for evaluering:
      • Utdaterte prosedyrar og tiltak fjernast og erstattast med nye.
      • Oppdatere linkar med innhald
    • Ansvar for oppdatering av modellen:
      • Prosjektgruppa "SABU".
      • Tenesteleiarar som ein del av tenesteplan

______

Kommunenivå:    (klikk på overskriftene under for å opne innhaldet)

Statlege føringar

Banner - Lover.

Statlege føringar er overordna styringsdokument frå staten som legg føringar for tenester og det førebyggjande arbeidet med barn, unge og familiar i Luster kommune. Desse styringsdokumenta er lover, forskrifter, rundskriv og rettleiarar som tydeleggjer kommunen sitt ansvar for arbeidet. Staten peikar og på område det blir satsa på og kjem med råd og rettleiing til korleis kommunen kan løysa utfordringar som me står ovanfor.

Lover

Forskrifter

Ein forskrift er ein rettsleg bindande regulering som må ha heimel i lov. Forskrifter blir gitt som regel av Kongen i statsråd, eit departement eller eit kommunestyre eller fylkesting, alt etter kva den aktuelle lovheimelen bestemmer. Den kan i likheit med lover ikkje gjevast tilbakeverkande kraft og må ikkje vere i strid med andre lover. Den må i tillegg kunngjerast for å ha rettsleg verknad (jusleksikon.no).

Rundskriv

Rundskriv er orienteringar frå departementet til berørte partar om tolkingar av lover og forskrifter.

Rettleiarar og retningslinjer

Rettleiarar omtalar og beskriv eit fagområde på eit generelt og overordna nivå. Ein rettleiar kan innehalde ein eller fleire retningslinjer for handtering av spesifikk problematikk innan eit fagområde.

Frå helsedirektoratet:

Frå regjeringa

Frå Bufdir:

Frå NAV

Barnekonvensjonen

Barnekonvensjonen er ein internasjonal avtale som beskyttar barna sine rettigheiter. FN`s barnekonvensjon blei vedteke av FN`s generalforsamling 20.november 1989. Barnekonvensjonen er den av FN konvensjonane som har breiast tilslutning og er difor eit sentralt felles utgangspunkt for arbeid med og for barn i verda. Det er ein avtale mellom nesten alle land i verda og der står det korleis alle barn i verda skal ha det. Noreg har underskreve barnekonvensjonen og gjort den til norsk lov.

Menneskerettigheitar

Menneskerettigheitar er grunnleggjande rettigheiter alle har, uavhengig av kjønn, alder, religion eller nasjonalitet. 

Kommunale og regionale planar

Banner - Planlegging

Kommunen har forankra arbeidet med tidleg identifikasjon og oppfølging av utsette barn, unge og familiar i eigne planar. Kommuneplanen er kommunen sitt overordna styringsdokument som handlar om dei store spørsmåla for lokalsamfunnet. Til dømes korleis ein skal leggje til rette for at alle innbyggarane i Luster kan få eit best mogleg liv. I kommuneplanen ser ein heilheten, løftar blikket og tenkjer langsiktig. Økonomiplanen seier noko om kva økonomiske rammar og prioriteringar kommunen skal ha innan ein gitt periode.

Aktuelle planar

Folkehelseoversikt, §5-dokumentet 

  • Ei rekkje forhold i samfunnet påverkar folkehelsa. Det å ha god oversikt bidreg til eit meir treffsikkert folkehelsearbeid og sørgjer for at kommunen kan retta innsatsen mot dei faktiske utfordringane innan folkehelse og dermed få nytta ressursane betre.
  • Føremålet med folkehelseoversikta er å retta merksemda mot bakanforliggande årsaker til helse slik at folkehelsearbeidet kan rettast mot årsakene til god eller dårleg helse heller enn mot å handtere symptoma.
  • Det er ikkje ein folkehelseplan, og dermed inneheld den ikkje tiltak og løysingar. Dokumentet skal framheve folkehelseutfordringar og ressursar slik at kommunen kan planleggja og setja i verk målretta og effektive tiltak gjennom vanlege kanalar.
  • Oversikta nyttast som grunnlagsdokument for arbeid med kommunale planar og budsjett.
  • Kvart 4.år blir oversikta tilgjengeleg i samband med utarbeiding av kommunal planstrategi. 

Kommunen har m.a. desse målsetjingane for folkehelsearbeidet

  • Arbeide aktivt for gode oppvekstvilkår med like moglegheiter, med særskild satsing på:
    • Tidleg innsats frå helsestasjon med til dømes rettleiing i god foreldrekompetanse.
    • Vidareutvikling av arbeidet med psykososialt miljø i barnehage, skule og SFO.
    • Godt samarbeid om overgangen til- gjennomføring av vidaregåande skule. 
  • God kunnskap om førebyggjande og helsefremjande arbeid skal gjennomsyre alt planarbeid og aktuelle planar skal så langt som mogleg følgjast opp med konkrete tiltak.

Kommuneplan 2017-2028

Kommunen har m.a. desse målsetjingane når det gjeld barn, unge og familiar:

  • Alle barn og unge skal ha gode og likeverdige oppvekstvilkår som stimulerer til aktiv samfunnsdeltaking og legg til rette for god psykisk og fysisk helse
  • Barn og unge får raskt, rett og heilskapleg hjelp
    • Etablera tverrfaglege rutinar med fokus på tidleg innsats, sosial utjamning (fattigdomssatsing), identifisering av utsette barn og førebygging av utanforskap.
    • Implementera systematisk foreldrerettleiing
    • Etablera førebyggande tiltak for å styrke psykisk helse, robustheit og trivsel.
  • Gode, samordna og førebyggjande tenester og for barn og unge
    • Etablere tverrfagleg samarbeid for å sikre auka kapasitet og betre kvalitet i dei kommunale tenestene
  • Eit godt og inkluderande barnehage og grunnskuletilbod med høg fagleg kvalitet
    • Etablera gode faglege og sosiale overgangar mellom barnehage/barneskule/ungdomsskule/vidaregåande
    • Medverka til at barn og unge i Luster får gode felles møteplassar
  • Revidera strategi for integrering av arbeidsinnvandrarar og flyktningar

Budsjett, økonomiplan og planprogram. 2018

Overordna leseplan for barnehagane og skulane i Luster

Inkluderande barnehage- og skulemiljø 2018-2020 (IBOS)

Regional plan for arbeidet for god psykisk helse hjå barn og unge

Folkehelseprofil

Banner - eple og målband

Folkehelseprofilen er eit bidrag til kommunen sitt arbeid med å skaffe oversikt over helsetilstanden i befolkninga og faktorar som påverkar denne, jamfør lov om folkehelsearbeid. Profilen blir oppdatert årleg og er delt inn i desse områda: befolkninga, levekår, miljø, skule, levevanar samt helse og sjukdom.

Statistikken er henta frå Kommunehelsa sin statistikkbank per februar 2018.

Tema for årets profilar er alkohol og andre rusmidlar med omtale av kva verkemiddel kommunane har i det førebyggande arbeidet.

Luster kommune sin folkehelseprofil

Barn og unge i folkehelseprofilen:

Oppvekst og levekår påverkar risikoen for å byrje å bruke rusmiddel. Kommunen kan mellom anna følgje opp barn frå utsette familiar. Ei slik oppfølging kan gjerast gjennom helsestasjon, barnehage, skule og ved at barn og unge har tilgang til gode og rimelige fritidstilbod.

Tverrfagleg leiing

Banner - retningspil

Førebyggande verksemd og samarbeid er nedfelt i ein rekke lover og regelverk. Mange barn og unge har behov for tiltak og tenester frå fleire instansar. For at kommunen skal bli betre rusta til å møte utfordringar og barrierar som kan vere til hinder for at barn og unge får den hjelpa dei har behov for er det avgjerande med eit godt tverrfagleg og tverrsektorielt samarbeid. For å leie arbeidet på kommunenivå har leiarar frå dei ulike tenesteområda i kommunen regelmessige samarbeidsmøte. Her blir føringar for det førebyggande arbeidet lagt.

Rådmannsgruppemøte (RG møte)

  • Her møtes Rådmann, Kommunalsjef helse og omsorg/ass. rådmann, Kommunalsjef oppvekst, Landbrukssjef, Leiar eigedom, Næringssjef, Kvalitetsleiar, Leiar plan, Leiar servicetorg og Økonomisjef.

Leiarsamling

  • Her møtes RG og tenesteleiarane for dei ulike tenesteområda.
  • 4 - 5 møte per år.

SLT Politiråd Luster, Leikanger og Sogndal

  • Her møtes ordførar og ein frå administrativ leiing frå kvar kommune.
  • Frå politiet møter regionlensmann og fagleiar i det førebyggande arbeidet.
  • SLT Koordinator (sakliste, referat m.m.)
  • 4 møter pr. år.

Folkehelseråd

  • Møte v/b.
  • Faste medlemmar: Ordførar (leiar), Rådmann, Kommunalsjef helse og omsorg/ass.rådmann,
    Kommunalsjef oppvekst, Politikontakt, Folkehelsekoordinator,  Leiar Eigedom, Leiar NAV Luster, Kommuneoverlege/helsesjef.
  • (v/b plan, barnevern m.m.)

Koordinerande eining (KE)

  • Faste medlemmar: Kommunalsjef helse og omsorg/ass.rådmann (leiar), Kommunalsjef oppvekst, Leiar omsorgstenesta, Leiar Grandmo busenter, Helsesjef, Leiande fysioterapeut, Konsulent for menneske med nedsett funksjonsevne.
  • Andre leiarar og/eller fagpersonar kan delta i KE etter behov.
  • Konsulent for menneske med nedsett funksjonsevne (Innkalling, sakliste, referat, oppfølging av saker m.m). 
  • 6 møter per år.
  • Prosedyre for KE ligg i LKK
  • Informasjon om Individuell plan ligg i LKK

Møte for barnehage- og skuleregion Sogn

  • Medlemmar: Barnehage- og skulefagleg ansvarlege i region Sogn
  • 5-6 møter per år

UngData

Banner - to jenter

UngData er lokale ungdomsundersøkingar som gjev eit innblikk i korleis det er å vera ungdom i dag.  Sidan 2010 har 439 200 ungdomar frå 405 kommunar og frå Svalbard delteke i UngDataundersøkingane. UngData gjev dermed eit godt innblikk i korleis det er å vera ung i Norge i dag. Velferdsforskningsinstituttet NOVA ved OsloMet – storbyuniversitetet (tidl. Høgskulen i Oslo og Akershus, HiOA) har ansvar for gjennomføringa av undersøkingane i samarbeid med regionale kompetansesentre innan rusfeltet (KoRus Vest Bergen, KoRus Vest Stavanger, KoRus Midt-Norge, KoRus Øst, KoRus Sør, KoRus Nord, KoRus Oslo).

For kommunane er UngData eit kartleggingsverktøy som er godt egna for bruk i det førebyggande arbeidet med ungdom og for å få ein oversikt på folkehelseområdet.  Hensikta med undersøkinga er å få meir kunnskap om korleis det er å vere tenåring i Luster og få informasjon som kan verte brukt til å betre oppvekstmiljøet i kommunen.

Fylkeskommunen har laga ei eiga oppstilling av UngData til oss der det går an å samanlikna kommunane i fylket utifrå dei ulike delområda i undersøkinga.

  • Generelt er det slik at ungdommen i Luster har det bra og er tilfredse. Ungdomane i Luster er særs nøgde med både lokalmiljøet og skulen. Her er resultata godt over landssnittet.
  • Mange elevar – særleg jenter – både på ungdomssteget og spesielt vidaregåande, svarar at dei kjenner seg utslitte på grunn av skulearbeidet og bekymrar seg for mykje om ting. Ein del elevar på vidaregåande – særleg jenter – nemner også at dei har opplevd at nokon via nettet eller mobil har skrive sårande ting om eller til dei.

Her kan du sjå alle resulatata frå siste UngData- spørjeundersøking (2017)

Eit lukkeleg liv - frå UngData undersøkinga 2017.png

 

Internkontroll

Banner - barn indianer

Internkontroll skal sørgje for at prosedyrar som er vedteke vert følgte og at pålagde oppgåver vert gjennomførte.

Kvalitetssystemet

LKK (Luster kommune sitt kvalitetssystem) er eit web-basert verktøy som består av ein modul for dokument, ein modul for avvik (hendingar), og handsaming av desse, og ein modul for risikovurdering.

I Luster kommune er internkontrollen integrert med, og bygd inn i, kvalitetssystemet sine prosedyrar/rutinar og dokumentasjon. Internkontroll i kommunen er skildra i prosedyrar/rutinar og dokument som vedkjem alle. Sidan dette er særdeles viktige tema på ein arbeidsplass, har einingar og tenesteområde i tillegg eigne tilpassa prosedyrar/rutinar på sine respektive einingar/område.

Luster kommune har i LKK eit felles system for melding om avvik, observasjonar (uønska hendingar som nesten ulykker, skader mm) og forbetringsframlegg. Ved å registrere og behandle alle avvikshendingar og forslag i same system, får vi tatt ut gode rapporter og statistikkar. Dokumentasjon av avvik og tiltaka som blir sett i verk som følgje av avvik, er ei viktig kjelde til forbetring av kommunen sine prosedyrar/rutinar. Forbetringsprosessen skal skje kontinuerlig både i einingane og sentralt i kommunen, og den skal involvere alle tilsette.

Haldepunkt for vurdering av når eit avvik bør/skal meldes, vil vere følgjande:

  • ved gjentekne feil
  • sikkerheitsforhold i einkvar samanheng
  • spesiell risiko i arbeid med barn, unge og eldre
  • helse- og ulykkesfare i arbeidssituasjonar
  • uønska hendingar (nestenulykker og ulykker) i høve til Luster kommune sitt HMT - system
  • risiko for betydelige økonomiske og materielle konsekvensar
  • brot på lover- og forskrifter