Alle barn skal få tilbod om vaksinasjon etter anbefalt program.
Lege og fysioterapeut er tilknytt skulehelsetenesta. Og det er helsesjukepleiar som har det daglege ansvaret for tenesta.

Målsetjing for skulehelsetenesta:

  • Sikre at barn og unge får den helseundersøkinga og den helseopplysninga dei har rett på
  • Utføra målretta helseundersøkingar tilpassa individuelle behov og risiko
  • Samarbeide med heim, skule og andre i hjelpeapparatet for å identifisera og løysa helseproblem som har samanheng med skuleelevane sin situasjon.

Førebyggande psykososialt arbeid –arbeide med tiltak som fremmar gode mellommenneskelege, sosiale og miljømessige forhold for å forhindre psykiske plager/sjukdom – t.d. einsemd, mistrivsel.

«Open Dør» alle helsesjukepleiarane på dei ulike skulane har open dør. Det betyr at elevar og foreldre kan ta kontakt utan å bestille time.

Helsesjukepleiar har kontortid ved skulen:

Gaupne skule: Tysdag og torsdag 9.00 – 14.30 , Berit Skjerdal, tlf. 45 87 80 44

Luster Ungdomsskule: Måndag 9-15 og torsdag 12-15: Eli Ruud , tlf. 48 08 77 60

Hafslo barne- og ungdomsskule: Måndag, tysdag og torsdag 9.00-14.30, Henny Haugane, Tlf. 45 87 80 43

Luster oppvekstsenter: Får besøk 8-10 gonger pr. skuleår: Jorunn Ødegård, Tlf. 47 80 82 60

Jostedal oppvekstsenter: Får besøk 8-10 gonger pr.skuleår: Henny Haugane, Tlf. 45 87 80 43

Skjolden oppvekstsenter: Får besøk 8-10 gonger pr. skuleår: Jorunn Ødegård, Tlf.: 47 80 82 60

Indre Hafslo oppvekstsenter: Tysdagar 12-14.30:  Eli Ruud, tlf. 48 08 77 60

Solvorn oppvekstsenter: Partalstysdagar 9-11.30: Lill Hege Stølen, tlf. 45 87 80 41

Veitastrond oppvekstsenter: Får besøk 6 gonger pr. skuleår: Lill Hege Stølen, tlf. 45 87 80 41

Plan for skulehelsetenesta