Fallvilt

Alle dyr som døyr utanom ordinær jakt kallast fallvilt. Dei blir registrert i hjorteviltregisteret. Det omfattar fallvilt av hjortevilt og eit utval av andre artar. Særleg er det viktig å registrere dyr som er påkøyrt i trafikken, for å kunne vurdera kva vegstrekningar som treng sikkerheitstiltak.

Ved funn av fallvilt ynskjer kommunen at du tek kontakt med viltvakta. Luster kommune v/fjelloppsyn Runar Hatlevoll tek prøver av alle fallvilt på hjortedyr. Det er derfor viktig at jegerane og andre rapporterer om funn av kadaver eller skrantande dyr til oppsynet.  Dette kan du rapportere inn til viltvakt på

Mobil: 90 77 56 56

E-post:  runar.hatlevoll@luster.kommune.no eller post@luster.kommune.no

Påkøyrsle

Ved påkøyrsle av vilt gjer du fylgjande:

  • Få oversikt over eventuelle skada personer og gi førstehjelp/kontakt 113 dersom akutt hjelp er nødvendig.
  • Ring Politiet på 02800 og meld frå om påkjørselen.
  • Merk påkjørselsstad – dette for å kunne spore skada dyr.
  • Følg aldri etter eit skada dyr. Det kan både vere farleg og vanskeleggjere ettersøkshunden sitt arbeid.
  • Politiet tek kontakt med viltvakt i kommunen.

Meir informasjon: https://www.hjortevilt.no/hjortevilt-og-trafikk/

Ettersøk hjortevilt

Kommunen har også oppgåve knytt til ettersøk av skada hjort under hjortejakta. Det er berre kommunen som kan avslutta søket etter eit skada/friskt dyr og gi løyve til bruk av lys ved ettersøk. Kontakt viltvakt på 90 77 56 56. 

Dersom du har skote på eit hjortevilt og treng ettersøkshund kan du kontakte Luster ettersøksring. Vakt ettersøksring: 97 00 92 45