Skadefelling etter skadelidne si eiga avgjerd

Den nye lova åpner opp for at den skadelidne kan iverksetje uttak av bestemte individ av kandagås, stripegås, bydue, ringdue, gråtrost, måltrost, svarttrost, rødvingetrost, skjære, kråke, ravn, viltlevande kanin, sørhare, rødrev, røyskatt, mink, mår og grevling. Dersom vilkåra i §3-3 er oppfylte og det er nødvendig for å stanse eller avverge skade på avling, husdyr, tamrein, skog, fisk, vann eller anna eiendom. Vilkåra i §3-3 er

  1. Skaden er eller kan bli av vesentleg økonomisk betydning
  2. Skadeforebygjande tiltak er i rimeleg utstrekning forsøkt, vurdert ut frå kva verdiar som skal beskyttast og kostnadene ved alternative tiltak
  3. Uttaket er retta mot skadegjerande individ
  4. Uttaket er eigna til å stanse eller vesentleg begrense skadesituasjonen
  5. Uttaket ikkje truar bestanden si overleving

Dersom mordyr blir avliva i yngletida skal avkommet om mogleg også avlivast.

Dersom vilkåra i § 3-3 er oppfylt og det er nødvendig for å hindre smitte- eller helserisiko i lokaler der det blir produsert eller oppbevart næringsmidlar eller medisin, kan den skadelidne iverksetje uttak av bestemte individ av artane nemne i første ledd og kjøttmeis, blåmeis, gråspurv, pilfink og rødstrupe, som har forvilla seg inn i slike lokaler.

Den skadelidne skal uten ugrunna opphald rapportere om uttaket til kommunen, med opplysning om tal individ, art og kva skade som var grunnlag for uttaket.

Skadefelling etter avgjerd frå kommunen

Skadefelling etter avgjerd frå kommunen etter §3-5 og naturmangfaldslova § 18 første ledd bokstav b, skal fremest skrifteleg etter § 3-8 i viltforskriften. Kommunen kan gi fellingsløyve på fylgjande dersom vilkåra i §3-3 er oppfylt.

  1. knoppsvane, gråmåke, svartbak, stokkand, siland, laksand, storskarv, toppskarv, gråhegre, grønnspett, svartspett, flaggspett, kaie, kornkråke, stær, dompap, gulspurv, ekorn og hare
  2. grågås unntatt i dei kommunar som frem til 1. januar 2020 tilhøyrde Finnmark fylke
  1. hvitkinngås i fylkene Viken, Innlandet, Vestfold og Telemark, og Agder.

Kommunen kan av eige tiltak iverksetje uttak av bestemte individ av alle hjorteviltartane og villsvin når dei oppheld seg i trafikerte eller tettbygde område, og dei utgjør ein fare for skade på person eller skaper trafikkfarlege situasjonar. Kommunen kan også gi løyve til uttak av hjortevilt eller bever for å avverge skade etter § 18 første ledd bokstav b.

Kommunen kan av eige tiltak iverksetje uttak av knoppsvane og kanadagås når dei oppheld seg i områder der dei utgjer ein fare for skade på person, hindrer ferdsel eller utgjer ein helserisiko ved omfattande tilgrising av friområde, badeplassar eller liknande.