Gruppene er leia av fysioterapeut og held til på arbeidsstova på omsorgssenteret.

Først er det ei økt med felles aktivitet og øvingar med fokus på balanse og beinstyrke. Etter trimmen vert det sosialt samver med kaffi, mat og «svadl».

Pris:
Tilbodet kostar 50 kr per gong for mat og trim.

Tidspunkt:
Gaupne Omsorgssenter: Måndagar kl. 13.30 - 15.00 (oppstart 18.10.21)

Hafslo Omsorgssenter:   Måndagar kl. 13.30 - 15.00 (oppstart 18.10.21)

Luster Omsorgssenter:   Tysdagar  kl. 13.30 - 15.00 (oppstart 19.10.21)


Gratis transport:
Har du behov for transport kan du ringe Servicetorget i Luster Kommune tlf. 57 68 55 00 (opningstid kl. 09.00 - 15.00).
Siste frist er kl. 15.00 dagen før (for gruppene i Gaupne og Hafslo er det opning for å ringje kl. 09.00 måndag morgon).

Hjarteleg velkomne til trim og triveleg prat!

Ansvarlege fysioterapeutar:
Linda Hermansen tlf. 989 03 837 (Luster og Gaupne)
Erik Sannebro tlf. 482 20 024 (Hafslo)

Ved spørsmål kan du også kontakte Kari Ingeborg Bukve tlf. 989 03 839