Datamaskin og internett blir stadig viktigare for å bruke offentlege tenester. Teknologien utviklar seg raskt, men finn du fram?
Luster kommune er med i eit nasjonalt prosjekt i regi av Kommunal og moderniseringsdepartement og KS der målet er å etablere lågterskeltilbod innan datahjelp tilpassa lokale forhold. Som del av dette har kommunen etablert samarbeid med bygdelaga i kommunen og frivillige datahjelparar.
Har du telefon, nettbrett eller PC og har lyst til å lære meir?
Døme på aktivitetar; lese avis på nett, pasientreiser, laste ned NRK TV, kjøp og sal, grunnleggande kurs, søke etter sydentur og mykje meir!
Bilete frå banktilbodet i bygdene
Du finn meir informasjon om tilbodet på Friskus, søk "data".
Me føl gjeldande reglar:
- Alle deltakarar må vera heilt friske frå luftvegsinfeksjonar
- Bruk handdesinfeksjon når de kjem og når de reiser.
Kontaktperson:
Britt Veum Hauge
britt.veum.hauge@luster.kommune.no