Plan- og forvaltningsutvalet i Luster kommune har i møte 03.11.22 (sak PFU-85/22) gjort følgjande vedtak i sak om områdereguleringsplan Fonndøla – Hausamoen:

  1. I medhald av plan- og bygningsloven § 12-10 vedtek plan- og forvaltningsutvalet i Luster kommune å leggje forslag til detaljreguleringsplan Fonndøla - Hausamoen ut til offentleg ettersyn.
  2. Plan- og forvaltningsutvalet tek til vitande at planforslaget er omfattande og har kome til kommunen kort tid før møte i utvalet. Utvalet vedtek difor at administrasjonen får fullmakt til å gjere mindre endringar før saka vert sendt ut, men understrekar at ein stør rådmannen sin vurdering i saka og omsynet med reguleringa. 

Planen legg opp til næringsetableringar i form av regulert areal til industri, næringføremål og massetak/ steinbrott. Det vert vist til vedlagte dokument for ytterlegare informasjon om planforslaget.

Det har vore utarbeidd planprogram for denne planen som vart vedteke i plan- og forvaltningsutvalet 28.01.2021. Planforslaget bygger på dette planprogrammet.

Det skal understrekast at i sluttvurderingane har planen vorte endra frå ein detaljreguleringsplan til ein områdeplan, då det er stilt plankrav før utvikling av delar av området.

Plandokument

Saksframlegg

Plankart

Føresegner

Planomtale

ROS-analyse

Konsekvensutgreiing

 

Har du merknad?

Ev. merknader må sendast på elektronisk høyringsskjema ev. epost postmottak@luster.kommune.no eller per post til Luster kommune, Postboks 77, 6866 Gaupne, innan fredag 20. januar 2023.  

Tidlegare handsaming: Varser om oppstart av planarbeid. Frist for innspel 11.01.21.

Føremålet med planen er ikkje i samsvar med gjeldande arealdel til kommuneplanen, og kommunen har difor utarbeidd planprogram for planarbeidet. Planpreogrammet vart handsama i plan- og forvaltningsutvalet i kommunen 12. november 2020, og vart vedteke sendt til høyring saman med varsel om oppstart.

Planprogram

Det vert vist til planprogrammet vedlegg 1 for ytterlegare informasjon om bakgrunn for planarbeidet, storleik på planområdet med meir.

Vedlagt er også saksutgreiinga frå sak 65/2020. Overskrifta i saksframlegget vart Reiarmoen – Hausamoen ved ein feil. Rett tittel er altså Fonndøla – Hausamoen.

Merknadar og innspel til oppstartsvarsel og planprogram kan sendast på epost til post@luster.kommune.no ev pr. post til Luster kommune, postboks 77, 6866 Gaupne innan måndag 11. januar 2021.