I sitt møte 1.2.23 gjorde Luster formannskap følgjande vedtak i sak 10/23:

  1. Utkast til Forskrift om gebyr for sakshandsaming og kontroll av avløpsanlegg i Luster kommune vert lagt ut på høyring
  2. Høyringsfrist er 6 veker frå utlegging

Bakgrunn 

Kommunen er forureiningsstyresmakt for kapittel 12, 13, 15 og 15A i forureiningsforskrifta. Det er ingen heimel for å fastsetje gebyr for sakshandsaming og kontroll etter forureiningsforskrifta i enkeltvedtak. Alternativet til ein gebyrforskrift er derfor at kommunen finansierer dette arbeidet over det ordinære kommunebudsjettet. Det er knytt store forventningar til kommunen sitt ansvar med å følgje opp som forureiningsstyresmakt på avløp, og lokal forskrift om Gebyr for sakshandsaming og kontroll blir sett på som naudsynt for å kunne gjere denne jobben på ein ansvarleg måte.  

Høyringsframlegget til lokal forskrift, tek utgangspunkt i Norsk Vann sin rapport 267/2022. I rapporten frå Norsk Vann er det rådd til å unngå å ta gebyrsatsane inn i forskrifta, og i staden fastsetje satsane årleg slik som kommunen gjer for andre typar gebyr. Gebyra skal ikkje overstige kommunen sine kostnader ved sakshandsaminga eller kontrollen. Gebyr for kontroll/tilsyn vert fastsett som årsgebyr, sjølv om kontrolltiltak på det einskilde anlegg vert gjennomført sjeldnare enn kvart år.  

Ved å fastsetje ein lokal forskrift om gebyr for sakshandsaming og kontroll, vil kommunen få høve til å få finansiert sitt arbeid som forureiningsstyresmakt på avløpsområdet. Gebyra skal ikkje overstige kommunen sine kostnader ved sakshandsaminga eller kontrollen. Formannskapet har lagt utkastet til forskrift ut på høyring, i tråd med forvaltningslova §37. 

Mange av avløpsanlegga i Luster kommune er frå ei tid då det vart sett mindre krav til reinsing enn i dagens forureiningsforskrift. I tillegg vil også funksjonen til anlegga svekkast over tid. Eldre anlegg kan dermed ureine vassdrag og sjø, og dette er spesielt alvorleg dersom sårbare økosystem, badeplassar og drikkevasskjelder blir påverka.  

Dette gjeld særleg spreidde private avløpsanlegg, der kommunen vil styrke arbeidet med tilsyn. Regional plan for vassforvaltning for Vestland vassregion 2022-2027 fastset miljømål og viser korleis vi ynskjer å forvalte vassmiljøet og vassressursane i eit langsiktig perspektiv, og vart godkjend av Klima- og miljødepartementet 31.10.22. Godkjent regional plan for vassforvaltning skal leggjast til grunn for regionale organ si verksemd, og for kommunal og statleg planlegging og verksemd i regionen, jf. vassforskrifta § 29 og plan- og bygningslova § 8-2.  

Avløp er ei av prioriteringane i forvaltningsplanen til Vestland vassregion og det er mellom anna vist til Nasjonale føringar frå regjeringa av 19. mars 2019 som tilseier at kommunane skal kartlegge og følgje opp utslepp frå avløpsanlegg og sjå til at alle utslepp vert reinsa i tråd med ureiningsforskrifta kapittel 12 og 13.  

 

Om høyringsutkastet til forskrift: 

Denne forskrifta gjeld:  

  1. Gebyr for handsaming av søknad om løyve til utslepp av sanitært avløpsvatn frå bustadhus, hytter, turistverksemder, og liknande verksemd med utslepp mindre enn 50 pe, jf. ureiningsforskrifta kapittel 12  

  1. Gebyr for handsaming av søknad om løyve til utslepp av kommunalt avløpsvatn frå tettbusetnad med samla utslepp mindre enn 200 pe til ferskvatn, mindre enn 200 pe til elvemunning eller mindre enn 10 000 pe til sjø, jf. ureiningsforskrifta kapittel 13.  

  1. Gebyr for handsaming av søknad om løyve til utslepp av oljehaldig avløpsvatn, jf. ureiningsforskrifta kapittel 15  

  1. Gebyr for påsleppsvedtak, jf. ureiningsforskrifta kapittel 15A e) Gebyr for kontrolltiltak som gjennomførast for å sikre at ureiningsforskrifta kapittel 12, 13, 15 og 15A eller vedtak i medhald av desse blir følgd. 

Det er lagt opp til sakshandsamingsgebyr (eingongsgebyr) ved: 

  • Søknad om nytt utsleppsløyve eller søknad om påslepp 

  • Søknad om endring eller omgjering av eksisterande løyve 

I tillegg er det lagt til grunn eit årleg kontrollgebyr. Forskrifta inneheld ikkje gebyrsatsar, dei vert vedtekne av kommunestyret åreleg.  

 

Høyringsdokument

Her kan du lese høyringsdokumentet og sende innspel