«Dette er storveges», uttalar kommunalsjef oppvekst Knut Åge Teigen, «For å kunne verta ein lærarutdanningsskule må du innfri mange krav og vera ein fagleg og pedagogisk føregangsskule. Hafslo barne- og ungdomsskule er no sikra mange lærarstudentar i praksis. Av erfaring veit me at det er viktig for rekruttering.

Fleire tilsette på Hafslo har teke vidareutdanning i rettleiing, og skulen har eit solid system for å ivareta studentar. Elles gjev dette moglegheit for lærarar å ha delt stilling på Høgskulen og på Hafslo, og skulen får delta  i forskings- og utviklingsprosjekt i samarbeid med Høgskulen.

I og med at Hafslo barne- og ungdomsskule no får fornya tillit som lærarutdanningsskule, så har skulen gjort eit godt inntrykk på styringsgruppa som har valt ut dei nye lærarutdanningsskulane. Her har skuleleiinga, LU-kontakt og personalet elles gjort ein framifrå jobb, og eg ønskjer dei lukke til vidare i det viktige samarbeidet med Høgskulen på Vestlandet.»  

Og rektor Hilde Holte Selland er sjølv nøgd og stolt på vegner av skulen: «HBUS er stolte og krye over å bli tekne ut til ein ny periode som lærarutdanningsskule. Rangeringa syner at HBUS er bevisste sin rolle som lærarutdannarar. Me har god kapasitet til å ta i mot mange studentar og har eit pedagogisk personale med svært god og variert kompetanse. HBUS samarbeider tett med HVL gjennom delte stillingar, hospiteringsordning og pågåande FOU samarbeid med temaet fysisk aktiv læring.»

 Ordninga med lærarutdanningsskular i Vestland starta med eit pilotprosjekt i 2020-2024. I gamle Sogn og Fjordane var det Hafslo barne- og ungdomsskule og Leikanger ungdomsskule som fekk denne statusen. Når ordninga no skulle vidareførast for fire nye år, fekk 15 kommunar som har signert samarbeidsavtale med Høgskulen på  Vestlandet invitasjon til å søkja. Høgskulen mottok 13 søknadar.

 Følgjande skular er innstilte som lærarutdanningsskule: Hafslo barne- og ungdomsskule (Luster), Kvåle skule (Sogndal), Rubbestadneset skule (Bømlo), Tjødnalio sklue (Stord), Skranevatnet skole (Bergen) og Fridalen skole (Bergen).