Arbeidet med å gjera Luster kommune til ein trafikksikker kommune starta i juni i fjor då kommunen, Trygg Trafikk og fylkeskommunen signerte ein intensjonsavtale om arbeid for å oppnå godkjenning. Godkjenningsordninga inneber utarbeiding av ei stor mengd dokumentasjon frå fleire sektorar i kommunen. Arbeidet med sjølve dokumentasjonen starta i september etter fleire workshops med aktuell administrasjon frå kommunen og Trygg Trafikk. All dokumentasjon var ferdig utarbeidd til starten av året.

Den 6. mars gjennomførte Luster kommune godkjenningsmøte med representantar frå Trygg Trafikk og Vestland fylkeskommune. Det vart då gjennomførte samtalar og gitt tilbakemeldingar rundt den innleverte dokumentasjonen. Trygg Trafikk var svært fornøgd med heilskapen rundt arbeidet til kommunen. Godkjenningsmøte vart avslutta med kaker og kaffi for å feira godkjenninga.

Lokalavisa Porten dekte godkjenningsmøtet og har publisert ein artikkel.  Her beskriv ordføraren i kommunen at han ser på godkjenninga som ei gladsak og at han reknar det som "supervikitg". Artikkelen finn du her.

Godkjenninga som trafikksikker kommune gjeld i tre år. Etter dette trengst ei mindre omfattande regodkjenning.
 

trafikksikker kommune einingar.jpg

Representantar frå Luster kommune, Vestland fylkeskommune og Trygg Trafikk syner fram bevisa på at Luster kommune er kåra til trafikksikker kommune.