Amundsen er 42 år og bur i dag i Vesterålen.  Av formell utdanning har Amundsen tre år frå allmennlærarutdanning med mellom anna faga norsk, matematikk og kunst og handverk. Amundsen har arbeidserfaring frå skule og frå kunstgalleri. Ho er sjølv utøvande kunsthandverkar og har hatt utstillingar i inn- og utland. Vidare har Amundsen kjennskap til fådelt skule som forelder, styremedlem i Montessoriskule og FAU-leiar.

Amundsen er frå Nord-Noreg, men kjenner Sogn då ho har familie i Øvre Årdal og har hatt mange sommarferiar der. Sjølv har Amundsen følgjande kommentar til tilsetjinga: "Eg gler meg til å bli kjent med bygda og alle som bur der - ikkje minst til å bidra i utviklinga av Skjolden oppvekstsenter som ein trygg stad å lære og vekse som menneske, både for barn og vaksne."

Fram til Amundsen byrjar i august er tidlegare rektor/styrar Ellen Havellen konstituert som leiar ved oppvekstsenteret. «Det er veldig godt å ha ny leiar på plass», seier Knut Åge Teigen, kommunalsjef oppvekst. «Det er sjeldan mange søkarar til leiarjobbar i oppvekstsektoren. Det ser me både i nabokommunar og nasjonalt. Oppvekstsektoren i Luster er ein spennande og utviklingsretta sektor med gode kollegium, og me tykkjer det er flott at dette fengjer interesse også hjå søkarar utanfor regionen. Amundsen er hjarteleg velkomen til Luster og Skjolden.

Eg vil også rette ein takk til konstituert rektor Ellen Havellen. Det er ikkje lett å få inn ein leiarvikar for ein kortare periode, så det er storveges at Havellen no set pensjonisttilværet litt på vent og tek på seg dette oppdraget.»