Hovudtema var korleis vi skal gjere barna våre meir robuste og i stand til å tole dei utfordringane som livet bringer? Ungdom frå prosjektet Livsmeistring – robuste barn og unge leia kvelden og ordførar i Luster, Andreas Wollnick Wiese, og varaordførar i Sogndal, Gunnhild Olstad Bøyum, markerte opninga av den nye nettstaden meistrelivet.no. 

Warholm ga perspektiv på kva som eigentleg betyr noko gjennom barneåra og ynskjer at vi vaksne skal reflektere og bli meir bevisst på kva slags forelder vi vil vere. 

I foredraget ga ho nokon tydelege råd og bodskap:

  • Vi treng ei endring frå å løfte fram individet til å løfte fram det kollektive – og frå å prestere til å bidra
  • Vi må lære barn og unge å inkludere. Viss vi vil ha barn som tek ansvar for å invitere andre barn inn, kan dei ikkje berre tenkje på seg sjølv. 
  • Barna treng ei solid, indre kjerne som står stødig i ei omskifteleg tid
  • Løft blikket, ikkje fokuser på detaljane, men konsentrer deg om det viktigaste: Å lære barnet ditt sjølvstendig tenking, tole utanforskap og å fylle livet med meining gjennom å bidra
  • Barn må få prøve seg på eiga hand og la dei få løyse situasjonar dei kjem i utan ei oppskrift frå oss vaksne. Dei aller fleste hendingar gir barn og unge moglegheiter for vekst og utvikling
  • Foreldre er nøydd til å ta eigne val. Det som passar for ein familie, passar ikkje nødvendigvis for ein annan. Kva passar for deg og familien din?
  • Gode råd kan ikkje ta vekk ubehaget du som forelder må stå i når du har barn som møter utfordringar 
  • Ta ungdomstida meir på alvor. Det er ein stor jobb å gå frå det å vere ungdom til å bli vaksen. Vi må tole det i møte med ungdommen. 
  • Vaksne må støtte kvarandre i å sette grenser for barna
  • Tole barna sine kjensler, tola at dei vert sinte
  • Det er seg sjølv barn og unge skal like, ikkje oss vaksne. Å vera forelder eller lærar er ingen popularitetskonkurranse

 

Dersom du ikkje fekk med deg føredraget, fortvil ikkje. 
Det vart gjort opptak av føredraget, og det er tilgjengeleg fram til og med 7. mai 2024. 
Her kan du sjå opptaket: 
https://www.meistrelivet.no/aktuelt/opptak-av-temakveld-med-line-marie-warholm