Arbeidsavtale

Signer arbeidsavtale

Ved tilsetjing i Luster kommune vil du få arbeidsavtale sendt ut elektronisk og du signerer elektronisk. Teieplikt er eit punkt i arbeidsavtalen.

Du kan sjølv sjå om du har avtalar til signering på: https://signering.posten.no/

Luster kommune nyttar Posten sin signeringsteneste, dette er ei eiga teneste og må ikkje forvekslast med Posten, Digipost eller Altinn o.l. 

Om du får varsel på at du har eit nytt signeringsoppdrag avheng av kva du har oppgitt av kontaktinformasjon i Kontakt- og reservasjonsregisteret. Sjølv om du ikkje mottek varsel kan du logge deg på og signere direkte hos Posten sin signeringsteneste.

Du kan lese meir om det her, samt sjekke kva du har lagt inn. 
https://eid.difi.no/nb/kontakt-og-reservasjonsregisteret 

MRSA og tuberkulose

Om du skal fylle ut Eigenerklæring om MRSA og tuberkulose gjer du det i dette skjemaet elektronisk:

MRSA-skjema

Lønsansiennitet

Dette søknadsskjema er kun for tilsette i Luster kommune, du må signere arbeidsavtalen før du kan søkje om lønsansiennitet.
Din ansiennitetsdato i arbeidsavtalen vert sett ut i frå stillinga du no skal starte i. Om du har tidlegare arbeidserfaring som skal reknast med, må du søkje om dette. 

Når søknaden din om lønsansiennitet er handsama vil din ansiennitetsdato og di løn verta justert utan ny avtale, men det vil gå fram av lønsslipp kva som er di nye løn.

Søknad av lønnsansiennitet

Politiattest

Du treng politiattest dersom du søker stilling innan helse, omsorg, barnehage og skule. Du treng ikkje vise fram slik attest når du søker, men før du tek til i stillinga. 

Du søker om politiattest elektronisk via politiet sine nettsider.

Du må leggje ved ei stadfesting til søknaden til politiet. Denne får du av din leiar. 
Ein politiattest kan ikkje vere eldre enn tre månader og må ha korrekt heimel.

Spørsmål?

Om du har spørsmål – send e-post til personal@luster.kommune.no