Utleige til private, næringsdrivande, offentlege etatar, organisasjonar utanfor kommunen.
Vurdering: Justert opp 1,6% jmf KPI.

Bygg 2021
Idrettshallen Gaupne:    
- Heile hallen m/garderobar 654
- 1/3  av hallen m/garderobar 296
Symjebasseng m/garderobar. (Jostedal)  604
   
Samfunnssal i Hafslo samfunnshus 480
Samfunns-/gymsalar i andre kommunale bygg 329
Andre rom 164
  • Alle prisar er kr pr.time
  • Leigeavtalar som gjeld heile dagar skal betalast med  5 gonger timepris. Eit leigeforhold som går ut over  kl. 24.00, men er under 24 timar skal betalast som ein dag.
  • Lag og organisasjonar som nyttar basseng må betale i samsvar med dei satsar som gjeld for bruk av basseng, og skal vera avtala på førehand.
  • Lag og organisasjonar i kommunen får nytte bygningane vederlagsfritt - også til inntektsbringande arrangement  - så langt bruken ikkje påfører kommunen ekstra utgifter til reinhald og tilsyn. 

Betalingsvilkår
Faste leigeavtalar forfell til betaling etterskotsvis 15. mars og 15.september - for einskildmøte vert å senda rekning ved utgangen av kvar månad. 

Unnateke for betalingssatsane er:             

  • Kommunale aktivitetar som musikkskule, kommunalt valde styre, råd og utval, foreldreråd og samarbeidsutval                                                                                              

Bilettprisar symjebassenga:

  • Vert fastsett gjennom budsjett Lustrabadet KF.
  • Jostedal og Fjordstova fastset prisane sjølve.