Møtet med den veldige klebersteinsportalen i den gamle steinkyrkja gjer oss nesten mållause. Nidarosdomen har slike portalar, i større format sjølvsagt, og det er ikkje så rart. Men ei landsens kyrkje - ei slik openberring?
Dette "underverket" i Luster let seg faktisk forklare ganske enkelt, i alle fall når det gjeld tilgangen til kleberstein, for det finst mykje slik stein i området. Steinen til vestportalen i Dale kyrkje er truleg henta frå Kleberseggi, nordaust for stølen Dale på Indre Hafslo. Steinen har blitt transportert ned bakkane til Fet, køyrt til Marifjøra og frakta vidare på fjorden inn til Luster.

Svært særmerkt er også kalkmåleria frå både mellomalderen og 1500-talet. Desse har vore overmåla med kvit kalk, og er berre delvis avdekka i dag. Frå biskop Arne si vigsling av kyrkja midt på 1200-talet er det avdekka to vigslingskors i koret, kors i ein sirkel: Etter samtidas skikk skulle det vere 12 slike korsar. På kvar side av vindauget i austveggen i koret finst mellomaldermåling, truleg frå 1300-talet, men som er vanskeleg å tyde. Bileta frå mellomalderen vart overkalka, kanskje som ein reakssjon mot det romerskkatolske innhaldet, og nye bilete måla rundt 1560. Desse bileta vart avdekka i 1950.

Type kyrkje: Langkyrkje i stein
Vigsling: Kring 1240 av biskop Arne
Stitjeplassar: 200