På Høgøymsgard stend ei kyrkja so kvit.
Tre hundrade år har ho trassa si tid.
Og skipet det same, men koret er tilbygt,
og tårnet er flytta og svoli er tilknytt.

Hans Ottesen Ravn var ein gudeleg mann,
han bygde opp kyrkja og sette ho i stand.
Han Knut utpå Garden han hjelpte med vyrkje,
difor fekk han velja seg stol uti kyrkje.

Slik byrjar visa om kyrkja, skriven av Kristen Ormbergstøl ein gong tidleg på 1900-talet.

På 1600-talet vart kyrkjene rikt dekorerte på vegger og tak, slik også i Jostedal kyrkje. Altatavla, katekismetavla, var først gitt til Kaupanger kyrkje, men den omstidde og mektige gjevaren Giode Pedersen ombestemte seg og gav henne vidare til Jostedal kyrkje.

Type kyrkje: Langkyrkje i tre
Byggeår: 1660
Byggmeister: Hans Ottesen Rafn
Sitjeplassar: 120