Kommunestyret har vedteke eigedomsskatt i heile kommunen jf. esktl. § 3 bokstav a) frå og med skatteåret 2018.
Alminneleg skattesats er 7 promille av skattegrunnlaget.
Sakkunnig nemnd for eigedomsskatt har vedteke rammer og retningsliner for taksering av eigedomar.
- Eigedomar som har formuesgrunnlag frå Skatteetaten har fått berekna eigedomsskatt ut frå Skattetaten sin bustadverdi. Sjå informasjon og klagereglar.
- Eigdomar som ikkje har formuesgrunnlag frå Statteetaten har kommunen taksert etter synfaring. Sjå informasjon og klagereglar.
Utlegging til offentleg ettersyn
Lista viser dei skattepliktige eigedomane med opplysningar om adresse, gards- og bruksnummer, eigedomsskattetakst, botnfrådrag, skattesats og utrekna eigedomsskattebeløp.
Faktura for eigedomsskatten kjem i 2 terminar, jf. eigedomsskattelova § 25 første ledd, forfall 15. april og 15. september.
Skjema for klage på eigedomsskattetakst